Fv. 63 Trollstigen åpnar fredag 12. juni klokka 18

Store snømengder, sein vinter og skadar etter snøskred har sørga for rekordsein åpning av turistattraksjonen i Rauma og Fjord. 

Skriv ut

- Vi støyper ferdig kantane i Trollstigen som fekk skadar frå snøskred midt på dagen fredag. Betongen treng nokre timar herding, så er vi klare for åpning klokka 18, fortel byggeleiar Roar Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

På Valldalssida er det skredfare frå Byksefonna som har vore utfordringa. No er det også vurdert som trygt for trafikken her. 

Åpninga av Trollstigen er historisk sein i år. Dei siste 25 åra er det åpninga i 1997 som var den seinaste. Den gongen var det åpning 5. juni.