Fv. 63 Geiranger-Langvatn åpnar for sommaren onsdag 17. juni klokka 14

Møre og Romsdal fylkeskommune kan endeleg åpne heile vegen for sommaren onsdag 17. juni klokka 1400.

Skriv ut

Strekninga mellom Geiranger og Djupvasshytta har vore åpen sidan 10. juni

- Det har vore en krevjande vår med veldig mykje snø, mykje vêr, skredfare og låge temperaturar til langt uti juni. På det høgaste har brøytekantane vore 12 meter, fortel byggeleiar Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Det er mykje snø i fjellet enno og delar av strekninga er utsett for skred heile året. Stavbrekkfonna ved Langvatn blir fortsatt overvaka. Om det blir endringar i vêrforhalda eller skredfaren aukar kan vegen bli stengt på kort varsel.