Fv. 61 ved Sulesund ferjekai blir ikkje opna måndag

Geologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune har vurdert skredet ved Sulesund ferjekai. Vegen blir ikkje opna for trafikk måndag 23. november.

Skriv ut

- Vi startar med å få inn utstyr for å vere klare for å starte opprydding når det er mogleg. Vi gjer ei ny vurdering når det blir dagslys i morgon, men vêrprognosane er ikkje gode og tryggleiken for mannskapa som skal gjere jobben kjem alltid først, seier byggeleiar Grete Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ferjene vil fortsette å gå mellom Hareid og Solavågen så lenge vegen er stengt. Informasjon om rutetider og endringar for kollektivtrafikken på FRAM sine nettsider