For å verne sjåførane mot smitte blir framdørene på bussane no stengt

Framdørene på bussane til FRAM er no stengde. Dette er gjort for å skåne sjåførane frå smittefare ved direkte kundekontakt.

På den måten vernar vi om sjåførane si helse og bidrar og til at vi kan oppretthalde kollektivtilbodet i denne perioden.

Skriv ut

Reisande må bruke bakdør ved på- og avstiging.

Stengde framdører betyr ikkje at passasjerar kan reise gratis.

Tilgjengelege betalingskanalar er:

  • Reisekort med gyldig periodebillett.
  • Mobilappen FRAM for enkeltbillettar, gruppebillettar, dagsbillettar og periodebillettar.

Gyldige betalingsmidler er:

  • Mobilappen FRAM med aktivert enkeltbillett eller gyldig periodebillett
  • Reisekort med gyldig periodebillett

Reiseplanleggaren på frammr.no og mobilappen FRAM er oppdatert.

FRAM kundesenter er tilgjengeleg på telefon 71 28 01 00.

Kontakt