Først i landet: Skal måle berekraft for alle kommunar i fylket

No skal alle kommunane i Møre og Romsdal målast opp mot FN sine berekraftmål, slik som byane i fylket og i over 100 byar internasjonalt. Møre og Romsdal er det einaste og første fylket i landet der alle kommunane har forplikta seg til å jobbe med berekraftsmåla på denne måten, i regi av fylkeskommunen.

Skriv ut

Fylkeskommunen er også den første i landet som hadde forplikta seg til å kartlegge berekrafta i heile fylket gjennom FN sitt berekraftprogram. 18. mai er det oppstartsmøte for kommunane.

Vrien metodikk

- Dette er eit heilt nødvendig arbeid for at vi skal realisere målet om å gjere Møre og Romsdal til berekraftfylke nummer 1 i Norge. Vi må vite kvar vi står for å kunne bli betre, fortel Ole Helge Haugen som er prosjektleiar for fylkeskommunen si berekraftsatsing kalla Berekraftfylket.

Fylkeskommune har jobba med å utvikle ein metodikk for mindre kommunar.  

- Det har vore ei utfordring å finne passande indikatorar. Å samanlikne Barcelona og Smøla er kanskje ikkje verken relevant eller spesielt interessant? Eit anna spørsmål var om små kommunar hadde kapasitet og kompetanse til å gjennomføre den nødvendige datainnsamlinga. Kven skulle godkjenne dei data som vart samla inn, og vurdere kor berekraftig den enkelte kommune er? I dag vert det gjort av eit team av internasjonale ekspertar, og deretter godkjent av eit FNorgan.

Det er blitt jobba tett opp mot FN sitt berekraftprogram i Wien, dei norske byane som er med i programmet og andre fagmiljø for å få dette på plass.

- Utan nettverket som er skapt med utgangspunkt i Ålesund og deira satsing på dette programmet, hadde vi aldri kunna gjort dette, seier Haugen.

Vekker oppsikt

Ålesund var den første byen i Noreg som starta ei kartlegging av berekraft i forhold til FN sine berekraftsmål. Fleire byar følgde etter, blant desse Kristiansund og Molde, og i dag er 12 norske byar ferdige med si kartlegging.

- Prosjektet er eit nasjonalt pionerprosjekt, og både andre fylkeskommunar, KS sentralt og andre aktørar føljer prosjektet tett. Det vekker også oppsikt internasjonalt, seier Haugen.

Det er BDO Norge på vegne av FN-programmet som står for godkjenning og vurdere berekrafta i kvar kommune. Resultata blir lagt fram over sommaren.  Det blir også  laga ein rapport for heile fylket. BDO følge opp alle kommunane  med datainnsamling.

Kari Aina Eik, som leiar for FNs program for smarte, berekraftige byar, seier ho gler seg til å komme i gang.

- Det blir spennande å prøve ut programmet på mindre kommunar. Arbeidet med rurale strok er nyskapande, seier Eik, som opprinneleg kjem frå  Ålesund.

Prosjektet er eit spleiselag mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal  og Sparebanken Møre. Cecilie Myrstad i Sparebanken Møre fortel at dei har følgt arbeidet med U4SSC tett heilt sidan Ålesund gjekk med i programmet.

- Når spørsmålet kom om vi kunne vere med å støtte denne piloten var det ikkje vanskeleg å svare positivt seier Myrstad. Både tematikk og det faktum at prosjektet omfatta heile fylket gjorde at vi syntest dette var interessant.

Kontakt