Ferjefylka går saman om ei betre finansiering av ferjetilbodet

Møre og Romsdal, Vestland, Troms og Finnmark og Nordland fylkeskommune og KS vil samarbeide for ei betre finansiering av ferjetilbodet i kyst-Noreg.  

Skriv ut

Fredag presenterte fylka samarbeidet på ein pressekonferanse i Oslo. Dei skal jobbe for å få på plass ei betre ferjefinansiering.

Fylkesordførarane og KS er einige om at kostnadane ikkje kan veltast over på innbyggarane. Dei meiner at ferjefylka tar ein stor del av ansvaret. Midlane som fylka får overført frå staten til ferjedrift dekker ikkje dagens kostnadsnivå.

Bodskapet på pressekonferansen var dette:

- Vi vil invitere statsminister Erna Solberg og regjeringa med på ein dialog for å løyse denne utfordringa. Vi vil jobbe saman mot regjering og Storting for ei betre finansiering av ferjetilbodet. Fylkeskommunane tar sitt ansvar, men klarer det ikkje aleine. Vi kan ikkje risikere at investeringane og kostnadene til det grøne skiftet må betalast av elevar i vidaregåande opplæring.

- Vi vil synliggjere underfinansieringa av ferjedrifta. KS har tidligare dokumentert at meirkostnadane ved å erstatte fossilferjer med elferjer for prosjekt som er allereie er vedtatt er fem gongar høgare enn kva regjeringa har hevda - 500 millionar kroner årleg, ikkje 100 millionar. Vi vil derfor arrangere ein nasjonal ferjekonferanse i løpet av våren.

- Vi vil arbeide for å koordinere felles uttalar for eksempel gjennom formelle høyringsprosessar og i uttalar gjennom KS

- Vi vil ta initiativ til eit sterkare fagleg samarbeid på tvers av ferjefylka.

Kontakt