Fekk ingen løfte frå staten om fiskerihamnene

Fylkeskommunane overtar fiskerihamnene, men får berre brøkdelar av pengane som trengs. I eit felles møte med dei ansvarlege statsrådane, fekk fylka få løfte om meir pengar.

Skriv ut

Fiskerihamnene er ein viktig brikke for at næringa skal kunne ta ut ressursane i havet, skape trygge forhold for kystfiskeflåten og sikre busetting på kysten. Fylkesråd for transport og infrastruktur i Nordland, Bent-Joacim Bentzen (Sp) vil gjerne ta ansvaret for fiskerihamnene, men krev ei betydeleg auke i overføringane frå staten, før han vil ta på seg oppgåvene.

-Fiskerihamnene er ein viktig del av transportsystemet mellom kyst og marknad. Sjømatnæringa bidreg med store nasjonale eksportinntekter. Vi ønsker å bidra til ei strategisk, god og effektiv forvaltning av fiskerihamnene. Men det må følge pengar med når vi overtar desse oppgavåne, påpeikar fylkesråd Bent-Joacim Bentzen (Sp), på vegner av alle fylka, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark.

Du kan lese meir på nettsidene til Nordland fylkeskommune

Kontakt