Erik Brekken går over i stilling som kompetanse- og næringsdirektør

I samband med prosjektet «Omstilling 2020» er det vedtatt ny administrativ organisering, der mellom anna kompetanse og næring blir etablert som nytt fagområde/sektor.

 

Skriv ut

Endringa inneber at det meste av arbeids- og ansvarsområda som har vore organisert under utdanningsavdelinga og regional- og næringsavdelinga no blir samla i eit nytt fagområde under felles leiing. Fylkesutvalet vedtok denne veka at fylkesutdanningssjef Erik Brekken blir tilbydd stillinga som kompetanse- og næringsdirektør.

Kontakt