Ekstra utlysning kunstnarstipend

I dag vedtok Kultur-, næring- og folkehelseutvalet å lyse ut eit ekstra kunstnarstipend. Frist for å søke er 20. september 2020.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å sikre økonomien til kunstnarane i Møre og Romsdal og halde kunstnarisk aktivitet i fylket oppe i denne tida. Ramma for den ekstra utlysinga er på 1 million kroner og skal fordelast likt mellom uttrykka visuell kunst, litteratur, film, musikk og scenekunst.

–Det er viktig for oss som fylkeskommune å støtte opp om dei mange kunstnarane som blei kasta inn i ein vanskeleg situasjon da koronoakrisa kom. Oppdrag blei avlyst, prosjekt utsett og visningarenaer stengde. Framtida blei usikker. For å hindre at kunstnarisk aktivitet stoppar opp, har vi no vedteke denne ordninga, seier leiar i utvalet Marit Nerås Krogsæter.

Denne utlysinga er ei forenkla ordning med eigne retningslinjer som også gjer det mogleg for nyetablere og yngre kunstnarar til å søke. Vi ønskjer at så mange som mogleg av våre profesjonelle kunstnarar søker dette stipendet.  

Her kan kunstnarar søke om kunstnarstipend

Snarvegar

Kontakt