Eit steg FRAM, 990 428 rutekilometer tilbake

Møre og Romsdal har som mål å vere berekraftsfylke nummer éin, men korleis kan ein vere berekraftsfylke og samtidig kutte grovt i busstilbodet?

Skriv ut

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal stiller seg svært kritisk til den føreslåtte reduksjonen i busstilbodet. I høyringsutkastet blir det føreslått redusert heile 990 428 rutekilometer til saman over heile fylket. Dette blir omlag 1 299 774 278 steg tilbake for ungdom, fylket si framtid, og det grøne skiftet.

Miljøet blir nedprioritert

Om Møre og Romsdal fylkeskommune skal kunne kalle seg berekraftsfylke nummer éin, kan ein ikkje slutte å satse på kollektivtransport. Vi blir oppfordra frå alle hald til å velje bussen og sette att bilen heime, men med rutekutt blir dette stadig vanskelegare. Ord og handling samsvarar ikkje, og ungdommen føler seg lurt. Ein kan ikkje velje buss når bussen ikkje går.

Kutt i satsinga på barn og unge

Talet fortel kanskje ikkje mykje, men for fylket betyr dette at færre ungdom vil  bli buande og at færre kjem til å ynske å flytte tilbake til Møre og Romsdal. For mange barn og unge er kollektivtransport ein føresetnad for å kunne drive med fritidsaktivitetar. Resultatet av kutta vil i størst grad ramme barn og unge fordi dei ikkje har tilgang på bil. Nokon har heller ikkje foreldre som ikkje kan køyre dei overalt til ei kvar tid.

Oppfordrar til fråflytting

Ikkje berre er reduksjonen eit fråtak av barn og unge si moglegheit til å drive med noko på fritida, men i all hovudsak verkar endringa svært sentraliserande. Korleis skal ein kunne tenke seg å flytte tilbake til ein tettstad der det ikkje går buss? Det er ein føresetnad for gode, attraktive lokalsamfunnet at det finst eit kollektivtilbod som mellom anna tillét ungdom å bevege seg utanom skuletida. Skal fylket i det heile vere i stand til å stå imot fråflytting - kan ein ikkje kutte bussen.

Om Møre og Romsdal skal vere eit “berekraftsfylke”, kan vi då nedprioritere kollektivtransporten? 

Uansett blir ungdom, det grøne skiftet og fylket si framtid sett på spel.

 

Kontaktpersonar: