Ein halv million kroner til utgreiing av nytt ferjesamband mellom Hitra og Aure

Fylkesutvalet vil kartlegge investeringsbehovet for ferjesambandet.

Skriv ut


Tysdag 27. januar løyvde fylkesutvalet midlar til å engasjere eksterne konsulentar for å få eit betre kunnskapsgrunnlag om ferjesambandet Kjørsvikbugen -Laksåvika. Ein føresetnad er at Trøndelag fylkeskommune fattar tilsvarande vedtak.

I saka legg fylkeskommunedirektøren vekt  på at eit nytt ferjesamband vil utvide og styrke bo- og arbeidsmarknadsdsregionen i grenseområdet mellom Trøndelag og Møre og Romsdal. Han påpeiker også at ferjesambandet vil bidra til å utvikle delar av Nordmøre.

Ei utgreiing skal gi eit meir nøyaktig kostnadsbilete for prosjektet, og då særleg for investeringsbehovet ved å etablere eit nytt samband mellom Hitra og Aure. Ei kartlegging må også sjå på om sambandet er eigna til å ta i bruk andre løysingar som for eksempel flytande ferjerampe.

Kontakt