Dei offentlege tannklinikkane opnar gradvis for pasientbehandling

Men du må ringe til klinikken og ikkje møte opp før du har fått ein avtale. Har du symptom på luftvegsinfeksjon, må tannlegebesøket vente.

Skriv ut

Dei nye anbefalingane frå Helsedirektoratet som kom 20. april, inneber at alle tannklinikkane vil opne for tannbehandling i løpet  av dei to nærmaste vekene.

- For å redusere risiko for spreiing av koronasmitte blant pasientar og tannhelsepersonell, vil det framleis ikkje vere normal drift med ordinære tannhelsekontrollar og tannbehandling ved klinikkane, seier fylkestannlege Anthony Valen i Møre og Romsdal fylkeskommune

- Det betyr at dei som har fått avlyst den planlagde tannhelsekontrollen, må belage seg på å vente ei stund til før det kjem ny.

Har du behov for tannhelsehjelp?

Alle dei offentlege klinikkane er opne, men ingen slepp inn på klinikken utan avtale på førehand. Ta kontakt på telefon med den tannklinikken der du vanlegvis får tannbehandling (offentleg eller privat).

I forkant av ei eventuell undersøking, må smittestatusen vurderast nøye. Har du forkjølingssymptom og/eller feber skal tannbehandling utsettast. Pasientar kan berre ha følge av ein person, som også må klarerast med tanke på smittestatus.

- Vi gjer alt vi kan for å hindre smitte på tannklinikkane. Alle pasientar vil bli behandla under eit forsterka basalt smittevern og med tilpassa kliniske rutinar for å redusere risiko for smitteoverføring, seier fylkestannlegen.

Smitta eller mistenkt smitta pasientar

Er du mistenkt, sannsynleg eller bekrefta smitta med koronavirus, må du gi beskjed om dette på telefon til den ordinære tannklinikken din. Dette gjer det mogleg å legge til rette for forsvarleg behandling både for deg og tannhelsepersonalet.

Akutt tannbehandling av smitta pasientar blir administrert ved desse offentlege beredskapsklinikkane; Ålesund kompetanseklinikk, St. Carolus kompetanseklinikk i Molde, Distriktstannklinikken Kristiansund og Distriktstannklinikken Ørsta.

Kontakt