Covid 19: Råd om jule- og nyttårsfeiring
Regjeringa har laga nasjonale råd for korleis vi på best mogleg måte kan gjennomføre jule- og nyttårsfeiringa og samtidig ta i vare smittevernet.
Juleråda gjelda frå og med 23.12.2020 til og med 1.1.202
Sosial kontakt
Reduser talet på personar som du er i saman med. Hald minst ein meters avstand til dei du ikkje bur i lag med.
- Reduser talet på personar som du er i saman med. Hald minst ein meters avstand til dei du ikkje bur i lag med.
- Hovudregelen er framleis inntil 5 gjestar.
- På to av dagane, for eksempel julaftan og nyttårsaftan, kan du invitere inntil 10 gjestar, viss de kan halde minst ein meter avstand.
- Du bør delta i maks to selskap, uavhengig om du er vert eller gjest.
- Barn og unge med skilde foreldre eller delt bustad, bør ha normalt samvær etter avtale mellom dei føresette.
Eldre og sårbare grupper
- Viss du kjem frå område med høg smitte, bør du halde to meters avstand til personar i risikogruppa.
- Kommunane bør sørge for tilbod på sjukeheim og institusjonar der bebuarar ikkje får besøk, og ha nok personell på jobb for å ta vare på dei som er einsame.
- Frivillige organisasjonar kan samle inntil femti personar samtidig innandørs, med ein meters avstand.
Reiser
- Unngå unødvendige reiser innanlands og utanlands. Å reise heim til jul er ei nødvendig reise.
- Kjem du frå eit område i Noreg med mykje smitte, bør du vere forsiktig dei første 10 dagane etter at du har kome fram.
- Du kan reise innanlands til ein fritidsbustad som du eig eller leiger viss du unngår kontakt med andre under reisa og opphaldet. Gjester frå raude land må framleis i karantene.
Overnattingsbesøk
- Maks fem gjestar på overnatting. Dersom alle gjestane er frå same husstand kan fleire vere i lag.
- Gjestar frå same husstand kan bu på same rom. Andre gjestar bør ha einerom.
- Dette er nasjonale råd som gjeld alle. Sjekk nettsida til kommunen din for lokale anbefalingar.
Hugs det aller viktigaste:
- Hald avstand.
- Hald hendene reine
- Hald deg heime viss du er sjuk
- Hald nede talet på personar du møter.