Christine Reitan blir ass. kulturdirektør
Christine Reitan er tilsett som assisterande kulturdirektør. Ho kjem frå stillinga som kommunalsjef – skole og oppvekst i Kristiansund kommune.
-Etter ein god prosess, med fleire kvalifiserte søkarar, er vi glad for at Christine Reitan har takka ja til stillinga som assisterande kulturdirektør. Christine Reitan kjem frå stillinga som kommunalsjef – skole og oppvekst i Kristiansund kommune. Ho vil med si utdanning, yrkes- og leiarerfaring bidra til å styrke kulturavdelinga på fleire måtar. Eg ser fram til at ho startar opp hos oss, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.
Reitan har hovudfag i statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Ho har vidare støttefag i sosiologi og nordisk språk og litteratur. Før ho starta i stillinga som kommunalsjef, arbeida ho mellom anna som dagleg leiar for Høgskolesentret i Kristiansund AS.
-Eg er glad, stolt og audmjuk over å ha fått jobben som assisterande kulturdirektør og gler meg til å bli betre kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune, kulturavdelinga og mine nye kollegaer. Kulturfeltet betyr veldig mykje for identitet, trivsel og bulyst i regionen, og eg håper at eg kan bidra positivt i det viktige samfunnsoppdraget som kulturavdelinga har.
Reitan startar i stillinga som ass. kulturdirektør 16. august.