Bygger skredsikringstunnel til Geiranger

Møre og Romsdal fylkeskommune har lyst ut skredsikringsprosjektet fv. 63 Korsmyra-Indreeide. Entreprenørar har frist med å levere tilbod til 8. juli.

Skriv ut

Kontrakten er ei totalentreprise som inneheld prosjektering og bygging av:
•    4,8 km tunnel og 100 meter tunnelportalar.
•    Komplett elektroarbeid for prosjektet.
•    400 meter veg i dagen med tilkopling på eksisterande vegnett.
•    Ei 25 meter lang bru.
•    Ein 135 meter lang ledevoll for skred på Indreeide.

Begge forskjeringane blei sprengt og gjort klare i 2019 i ein førebuande kontrakt.

Sikrar 13 skredpunkt

Fv. 63 er einaste tilkomstveg for Geiranger om vinteren. Når prosjektet er ferdig blir det tryggare for trafikantane og færre stengingar av vegen på grunn av skred eller fare for skred. Skredsikringsprosjektet sikrar 13 registrerte skredpunkt. Årsdøgntrafikken er i 630 køyretøy i gjennomsnitt, men varierer frå 1500 køyretøy i døgnet i sommarsesongen til 200 køyretøy i døgnet om vinteren. 

Har tatt korona inn i kontrakten

Koronasituasjonen har kome under arbeidet med kontrakten og har ført til at det har vore naudsynt å gjere endringar i konkurransegrunnlaget.

- Korona skapar usikkerheit både for entreprenørane som skal gi tilbod på jobben og for oss som byggherre. Det gjeld både for tilgang på råvarer, store svingingar i valuta og prisar og tilgang på arbeidskraft. Vi har tilpassa kontrakten den nye situasjonen så langt det lar seg gjere, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ferdig i 2023

Prosjektet er anslått til å ha ein verdi på 840 millionar kroner.

Kontrakten blir tildelt entreprenøren som leverer tilbodet med best forhold mellom pris og kvalitet. Kvaliteten blir vurdert ut frå gjennomføringsplanen, entreprenøren si organisering og nøkkelpersonell.  

Byggestarten er planlagt til hausten og prosjektet skal etter planen opne for trafikk hausten 2023.
 

Kontakt