Brannen i Haramsfjordtunnelen er sløkt

Naudetatane har avslutta innsatsen sin i Haramsfjordtunnelen på Austnes. Tunnelen vil no bli stengt av fram til at politiet får gjort undersøkingar i neste veke. 

Skriv ut

- Dette er ei alvorleg hending. Det går etter forholda bra med menneska som var i tunnelen da brannen starta. Utstyr kan erstattast, det viktigaste er at folka kom seg ut, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Hendinga blir granska og fylgt opp i høve retningslinjene for helse, miljø og sikkerheit i Møre og Romsdal fylkeskommune og Skanska.  Dette arbeidet har allereie starta og vil fortsette gjennom helga. 

Politiet skal gjennomføre sine undersøkingar i Haramsfjordtunnelen før fagfolk kan sendast inn for å få oversikt over kva skader brannen har gjort.

- Hovudfokuset vårt fram til det er å følgje opp folka våre. Vi skal også gjennomføre våre eigne undersøkingar og bistå politiet med ressursane dei treng i etterforskinga slik at vi kan finne ut kva som skjedde og unngå at det skjer igjen. Det er for tidleg å seie kva konsekvensar brannen får for framdrifta. Det må vi kome tilbake til når vi har oversikta over tilstanden i tunnelen, seier Marianne Nærø.