Ber regjeringa om meir pengar

Fylkeskommunen har så langt tildelt 22,6 mill. kroner til bedriftsintern opplæring (BIO-midlar). Ramma er snart brukt opp, og fylkeskommunen ber regjeringa om påfyll.

Skriv ut

- Situasjonen for mange bedrifter i Møre og Romsdal er svært alvorleg, spesielt for eksportretta industri og reiselivsbedrifter. Omstilling gjennom kompetanseheving er eit viktig tiltak, og vi har erfart at BIO-midlane er eit treffsikkert verkemiddel, seier teamleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristoffer B. Jenssen.

BIO-ordninga i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen overtok BIO-ordninga frå NAV i januar i år og har hatt eit godt samarbeid med NAV om ordninga. Under koronapandemien har ramma blitt auka i fleire omgangar, både av Regjeringa og av fylkeskommunens eige budsjett. I tillegg har fylkeskommunen opna for at også tilsette som er permitterte kan delta på nettbaserte kompetansehevingstiltak.

Krisa er ikkje over

Det er framleis stor etterspurnad etter BIO-midlar, og det er ingen ting som tyder på at etterspurnaden vil falle utover hausten og inn i 2021.

-Sjølv om delar av næringslivet tilsynelatande har kome seg gjennom det verste, opplever vi at dette bildet ikkje er representativt for store delar av den eksportretta industrien, seier Jenssen.

Fylkeskommunen har derfor sendt brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet med oppmoding om at det så snart som råd vert løyvd meir pengar til ordninga for 2020, og at innspelet blir tatt inn i utarbeidinga av Statsbudsjettet for 2021.

Det er etablert mange gratiskurs og opplæringstiltak for bedrifter og tilsette som treng å omstille seg til nye marknader og ein ny kvardag. På denne nettsida finn du ei rekke gratis kompetansehevingskurs.

Kontakt