Avsluttar tilbod om skyssbåt

Møre og Romsdal fylkeskommune avsluttar tilbodet om skyssbåt mellom Tømmervåg og Kristiansund når ferja er innstilt.

Skriv ut

Så langt har berre 15 passasjerar nytta seg av tilbodet. 

Høge utgifter per passasjer

- Det låge passasjertalet sett i samanheng med utgiftene vi har til båten gjer at vi meiner det ikkje grunnlag for å vidareføre tilbodet med skyssbåt, seier prosjektleiar Arild Vikan i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Skyssbåten vil gå til etter oppsett rute til og med måndag 3. februar. Det er Holberg shipping som har hatt avtalen med fylkeskommunen. 

Innstilte ferjeavgangar ut februar

Oppgraderinga av Tømmervåg ferjekai går etter planen. Peleboring frå kai og lekter gjer at det er naudsynt å innstille ferjeavgangar morgon og kveld. Om vêret stoppar kaiarbeida, skal ferjene gå som normalt. Det vil bli varsla gjennom Fjord1 sine varslingstenester.