Auka tiltakspakka til 187 millionar

På eit ekstraordinært møte i fylkesutvalet før påske vart det vedtatt ei tiltakspakke på 187 millionar. Dette er 12 millionar meir enn tiltakspakka som var lagt fram til politisk behandling. Tiltakspakka skal til endeleg behandling i fylkestinget tysdag 21. april.

Skriv ut

I tillegg til den den framlagde tiltakspakken frå fylkeskommunedirektøren på 175 millionar, vart det mellom anna vedteke å løyve 2 millionar for å auke innsatsen til ei meir langsiktig omstilling av næringslivet, og å nytte 10 millionar til å setje ned ferjetakstane med to takstsoner, som er tilsvarande prisreduksjonen på riksvegferjene og for same tidsrom. (frå det vert innført kontaktlaus billettering og til 30.06.2020)

Fylkesutvalet vedtok ei tilråding på 11 punkt til fylkestinget:

Fylkestinget vedtek ei auke i driftsbudsjettet på 175 millionar kroner som vert finansiert av driftsfond,  med slike endringar:

1. Som innstilt med unnatak av pkt. 8 og pkt. 11.

2. Fylkestinget peikar på at fylkeskommunane taper store inntekter knytt til koronapandemien. Fylkestinget streker under at det er særs viktig at staten dekkjer fullt ut tapte inntekter som eksempelvis skatteinntekter og billettinntekter på buss og ferje m.v. slik at viktige fylkeskommunale tenester ikkje vert svekka.

3. Fylkestinget vedtek, at om det kjem statlege løyvingar til fylkeskommunane som er tenkt nytta som motkonjunkturtiltak, så vil fylkestinget prioritere fylkeskommunale prosjekt innen trafikktryggingsstiltak som gang- og sykkelvegar, rassikring, tunnelsikring og byggeprosjekt på videregåande skular, m.v. i tråd med fylkestinget sine gjeldande prioriteringar. Administrasjonen vert bede om å utarbeide relevante lister over prosjekt som raskt kan gjennomførast innanfor desse tiltaksområda til fylkestinget 20. april. Fylkestinget vil vidare prioritere auka midlar til bedriftsintern opplæring (BIO), kommunale næringsfond, utbygging av breibandkapasitet i heile fylket og ei utbygging av el-ladestasjonar.

4. Fylkestinget opnar for at kommunar som ynskjer å realisere fylkeskommunale prosjekt i eigen kommune som motkonjukturtiltak i eit spleiselag med fylkeskommunen, kan søke om dette. Det er ein føresetnad at prosjekta er ferdig regulert og står på prioriteringslista (jamfør pkt. 3).

5. Fylkestinget vedtek at fylkeskommunen skal betale fakturaer så raskt som mogleg for å betre likviditeten i bedrifter og organisasjonar.'

6. Fylkestinget vedtek at alle aktørar som har fått tildelt driftstilskot frå fylkeskommunen for 2020 vil få utbetalt tilskotet i tråd med vedtak gjort av kultur-, næring- og folkehelseutvalet, sjøl om krava til aktørane si eiga finansiering ikkje er oppnådd.

7. Fylkestinget vedtek at fylkeskommunen ikkje vil krevje tilbake tildelte midlar som er brukt til å planlegge prosjekt og arrangement som blir avlyst som følgje av koronapandemien.

8. Fylkestinget vedtek å auke innsatsen også til meir langsiktig omstilling av næringslivet. Fylkeskommunedirektøren bes kome attende med ein sak om korleis dette skal organiserast. Kostnad: 2 millioner kroner på ramme D03.

9. Fylkestinget vedtek å utrede nytting av solenergi på fylkeskommunale bygg i løpet av 2020. Regjeringen vert oppfordra til å innføre løpande utlysing av klimasatsmidler eller tilsvarande ordningar for grøn omstilling, kor tilskott og lån kan søkast og innvilgast raskt. Midlar tenkt brukt til Tingvoll Vidaregåande Skule på kr.200.000 til biokjel -vert endra til å koble seg på eksisterande fjernvarmeanlegg i staden.

10. Fylkestinget vil be destinasjonsselskapa i fylket halde fram arbeidet med samanslåing til eitt destinasjonsselskap i Møre og Romsdal, men set ikkje krav til fusjon før utløysing av ekstra midler.

11. Fylkestinget vedtek å setje ned ferjetakstane med to takstsonar, som er tilsvarande prisreduksjonen på riksvegferjene og for same tidsrom (frå det vert innført kontaktlaus billettering og til 30.6.2020). Finansiering vert å forskottere frå driftsfond til det blir dekt av kompensasjon frå staten for bortfall av billettinntekter. Midlertidig kostnad: Inntil 10 millioner kroner på ramme D12.

Les heile saksframlegget her

Protokollen kan du lese her

Sjå opptak av den politiske debatten her

Snarvegar

Kontakt