Auka busskapasitet i Ålesund, Molde og Kristiansund i rushtida

Som eit førebyggande tiltak mot muterte koronavirus, er det no sett inn ekstra bussmateriell i rushperiodene på bybussane, der presset i kollektivtrafikken er størst.  

Skriv ut

-Sjølv om vi no sett inn ekstra bussmateriell på dei mest trafikkerte rutene og tidspunkta, er kapasitetsauken i seg sjølv ikkje nok. Vi er avhengig av at kollektivreisande som kan, bruker alternative transportmåtar eller reiser utanom rushperiodane, seier seksjonsleiar Jesper Wiig. 

Han fortel at statsforvaltaren og kommuneoverlegane i dei tre byane, er einige om at det må settast i verk fleire tiltak for å redusere presset i kollektivtrafikken no når vi ser fleire tilfelle av oppblomstring av muterte virusvariantar. 

I tillegg til kapasitetsauken er det no eit tett samarbeid med bykommunane, NTNU, fagskolen og vidaregåande skolar, for å fordele dei reisande på fleire avgangar. Som ein følgje av dette vil elevar på nokre skolar kunne oppleve ei mindre forskyving av skoledagen. Elevane dette gjeld vil få nærare informasjon i frå sin skole.  

- Når bussen er full, ber vi om at reisande respekterer dette, og ventar på neste buss. I Ålesund er det til dømes avgangar kvart 10 minutt på bybussane i rushperioden, så det er ikkje lenge å vente på neste avgang, seier Wiig. 

Kommuneoverlegane i Ålesund og Kristiansund oppmodar om at reisande bruker munnbind ved trengsel. – I Ålesund, Giske og Sula kommunar vil det i samband med at det vert innført tiltak for å få ned trengsel i skuleskyssen kome med anbefaling om at elevar i spesielt vidaregåande skolar, studentar og andre vaksne bruker munnbind når ein ikkje kan halde avstand, seier kommuneoverlege Olav Mestad i Ålesund kommune. Han understrekar at det er viktig med rett bruk av munnbind. Ein skal framleis unngå trengsel og halde avstand. Barn skal ikkje bruke munnbind.  

Kontakt