Arrangørar slepp å betale tilbake tilskot for avlyste kulturarrangement

Møre og Romsdal fylkeskommune kjem ikkje til å krevje tilbake tilskot til kulturarrangement som no blir avlyst på grunn av Koronapandemien.

Skriv ut

Etter anbefalingar frå myndigheitene har kommunar og organisasjonar no måtta avlyse eller utsette arrangement for å redusere faren for Koronasmitte.

Dei som har mottatt fylkeskommunale tilskot skal nemne avlysinga i rapporten og rekneskapet som dei sender inn på vanleg måte. Dei treng ikkje gi beskjed til fylkeskommunen om avlysinga på førehand.

Dei får dekka alle utgifter det er gitt tilskot til, sjølv om tiltaket ikkje er gjennomført. Dette inkluderer også budsjetterte utgifter til førebuing og sjølve gjennomføringa av tiltaket, til dømes utgifter til utøvarar eller artistar. Alle utgifter må dokumenterast i rekneskap og rapport på same måte som elles, etter vilkåra for støtta.

Arrangement eller prosjekt som blir utsett

Fylkeskommunen vil også godkjenne at arrangement som har fått støtte blir utsett. Alle tilsegn om tilskot som er gitt i 2020 gjeld for heile året. Dersom arrangementa eller prosjekta blir utsett på grunn av pandemien og gjennomført seinare i år, er det nok å skrive det i rapporten til fylkeskommunen.

Kontakt