Alle vidaregåande skolar i Møre og Romsdal er stengt

For å forebygge ytterlegare smittespreiing, har fylkeskommunedirektøren i dag bestemt å stenge dei vidaregåande skolane i fylket. Stenginga gjeld frå og med 13. mars og i to veker. 

Skriv ut

Skolane er ikkje fysisk stengt, men det vil ikkje verte gjennomført ordinær undervisning i skolebygga og elevar skal ikkje møte opp. Unntaket er elevar ved dei ulike basane for tilpassa opplæring der det etter tett dialog mellom heim og skole vil kunne bli gitt undervisning. 

Legg opp til digital undervisning for elevar

All opplæring ved dei vidaregåande skolane vil frå fredag 13. mars verte gitt som heimeundervisning ved hjelp av digitale verktøy. Den enkelte skole vil følgje opp og legge til rette for at dette kan gjennomførast.

I denne situasjonen vil vi kollektivt bidra, og strekke oss så langt som mogleg for å legge til rette for at elevar får utføre skolearbeidet heime. Læringstrykket skal haldast oppe slik at elevane ikkje vert skadelidande ved ein eventuell eksamen. 

Elevane har fått høve til å ta med bøker og PC heim, slik at dei kan gjennomføre heimeundervisning. Det kan likevel vere elevar som manglar opplæringsmateriell, og det bør leggast til rette for at dei skal kunne ta kontakt med skolen for om mogleg å få komme innom for å hente bøker. Skolane må då ta naudsynte omsyn og avgrense smittefare. 

Ikkje karantene

Elevar og tilsette er ikkje satt i karantene, tiltaket med heimeundervisning blir innført for å hindre smittespreiing. Det vil også skape ro og tryggleik for elevar, føresette og tilsette.
Vi ber elevar og foreldre om å halde seg jamleg orientert om utviklinga av koronasituasjonen gjennom media.

Eventuelle endringar vert publisert på fylkeskommunen og skolane sine nettsider. 

Snarvegar

Kontakt