9704 søkarar har fått tilbod om skoleplass i vidaregåande skole neste skoleår

No er førsteinntaket til vidaregåande opplæring i fylket er klart, og i denne omgangen er det nesten berre søkarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Fristen for å svare om dei vil ha plassen er 10. juli.

Skriv ut

Etter førsteinntaket er det 82 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg1, 40 med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg2 og 6 som ikkje har fått plass på Vg3. Samla sett er det færre enn i fjor.

På venteliste

Andreinntaket blir køyrt ca. 31.juli med svarfrist 3.august.

- Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn ved andreinntaket. Vi vil passe på at alle søkarar med ungdomsrett får skoleplass til skolestart. Andre søkarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skoleplass, seier konstituert fylkesutdanningssjef Kariann Dimmen Flovikholm.

Det er ventelister for å få plass på fleire av Vg1-tilboda. Det gjeld mellom anna helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, elektrofag, studiespesialisering, naturbruk, idrettsfag og bygg- og anleggsfag.

Formidling til læreplass

Det var 1310 søkarar til fagopplæring per 30. juni. Av desse hadde 1115 læreplass som første ønske og bustad i Møre og Romsdal.

Ved utgangen av juni var det 835 søkarar som har fått læreplass. Dette er ei svak auke frå same tid i fjor. Det er størst del av søkarar som har fått læreplass innanfor Naturbruk, Teknikk- og industriell produksjon og Elektrofag, medan delen er lågast på utdanningsprogrammet service og samferdsel.

Korona-situasjonen vil påverke formidlinga til læreplass. Møre og Romsdal fylkeskommune vil kompensere for læreplassar som forsvinn med å opprette alternativ fagopplæring Vg3 i skole, der forholda ligg til rette og i fag med fleire enn sju elevar per klasse. 

For søkarane til læreplass held formidlinga fram til 1. november.

Dokumenter

Kontakt