85 millionar til idrettsanlegg i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler 85 millionar kroner i spelemidlar til idrettsanlegg i 2020. I tilrådinga til fylkeskommunedirektøren er det ei klar prioritering av frivillige organisasjonar.

Skriv ut

– I lys av koronasituasjonen følger vi oppmodinga frå Kulturdepartementet og idretten om at frivillige organisasjonar bør bli prioritert i tildelinga i år, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.

107 søknader med positiv tilråding

Det kom inn i alt 260 søknadar på spelemidlar i år, og  237 av desse vart godkjent. Den samla anleggskostnaden er på over 2,3 milliardar kroner. Fylkeskommunedirektøren tilrår tilskot til 107 av søknadane. 84  av søknadane blir tilrådd til frivillige organisasjonar, med ein samla tilskotssum på i alt 54,5 mill. kroner. Bakgrunnen for prioriteringa er å styrke likviditeten til frivillige organisasjonar knytt til bygging av idrettsanlegg. Resten av potten blir i hovudsak tilrådd søknadar med bundne midlar frå tidlegare år. 

I tillegg til oppmodinga frå Kulturdepartementet og idretten v/Møre og Romsdal idrettskrets, er tilrådinga også basert på kommunale og fylkeskommunale prioriteringar.

Gjennomsnittleg ventetid på 3,6 år

Årets spelemiddelpott er den største nokon gong i Møre og Romsdal. Dette heng saman med at søknadssummen i Møre og Romsdal er rekordhøg. Dette gir også eit større etterslep, då søknadssum og sum til fordeling er større enn i fjor. Den godkjente søknadssummen i Møre og Romsdal er på 395 mill. kroner og den tilrådde søknadssummen utgjer om lag 21 prosent. 
–Dette gir ei gjennomsnittleg ventetid på 3,6 år frå ein begynner å søke til ein får tildelt spelemidlar, seier rådgivar Hans Roger Tømmervold.
Til forskjell frå tidlegare år vil rentemidlar og inndratte midlar bli fordelt til hausten. Desse utgjer nærare 3 millionar kroner og kjem altså i tillegg til dei 85 millionane som blir fordelt no.
Om lag 12 prosent av spelemidlane går til 43 nærmiljøanlegg. Nærmiljøanlegg er mindre kostnadskrevjande aktivitetsanlegg som er ment for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet.
Det er tilrådd tilsegn til 64 ordinære anlegg, det vil seie anlegg som i hovudsak blir brukt til konkurranse- og treningsaktivitet for idrettsorganisasjonane, og større friluftslivsanlegg.

Stor variasjon i type anlegg

I forslaget frå fylkeskommunedirektøren er det stor variasjon i både type anlegg og geografisk spreiing av anlegga. Øytun klatreanlegg i Averøy,  ein klatreførar i Kristiansund, ein kunstisbane i Rauma, ein flyhangar i Ørsta, og ein fotballhall i Vanylven er nokre av anlegga som det blir tilrådd tilskot i år.
Dei største anleggskategoriane målt i godkjent søknadssum er idrettshallar, svømme- og stupeanlegg, og fotballanlegg. Søknadssummen til desse kategoriane utgjer nærmare 75 prosent av den godkjente søknadssummen i fylket. Det er søkt om tilskot til i alt 17 anleggskategoriar.

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet vedtar endeleg tildeling den 9. juni. I den politiske møteplanen (KNF-60/20) kan du lese heile saka og sjå oversikta over kva for anlegg som er tilrådd støtte.  
 

Kontakt