7 entreprenørar vil bygge skredsikringstunnel

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått sju tilbod på skredsikringstunnelen mellom Eidsdal og Geiranger.

Skriv ut

Kontrakten blir tildelt entreprenøren som leverer tilbodet med best forhold mellom pris og kvalitet. Kvaliteten blir vurdert ut frå gjennomføringsplanen, entreprenøren si organisering og nøkkelpersonell.

Desse har levert tilbod:

  • Veidekke Entreprenør AS
  • Skanska Norge AS
  • NCC Norge AS
  • Metrostav Norge AS
  • Leonhard Nilsen & Sønner AS
  • Kruse Smith Entreprenør AS
  • Bertelsen og Garpestad AS

- Det er veldig god konkurranse om kontrakten. No startar vi å gå igjennom tilboda slik at vi kan vurdere kven av tilbydarane som har levert det beste tilbodet ut frå kriteria våre, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kontrakten er ei totalentreprise som inneheld prosjektering og bygging av:

  • 4,8 km tunnel og 100 meter tunnelportalar
  • Komplett elektroarbeid for prosjektet
  • 400 meter veg i dagen med tilkopling på eksisterande vegnett
  • Ei 25 meter lang bru
  • Ein 135 meter lang ledevoll for skred på Indreeide

Begge forskjeringane blei sprengt og gjort klare i 2019 i ein førebuande kontrakt.

Sikrar 13 skredpunkt

Fv. 63 er einaste tilkomstveg for Geiranger om vinteren. Når prosjektet er ferdig blir det tryggare for trafikantane og færre stengingar av vegen på grunn av skred eller fare for skred. Skredsikringsprosjektet sikrar 13 registrerte skredpunkt. Årsdøgntrafikken er i 630 køyretøy i gjennomsnitt, men varierer frå 1500 køyretøy i døgnet i sommarsesongen til 200 køyretøy i døgnet om vinteren.

Møre og Romsdal fylkeskommune tek sikte på å tildele kontrakten i begynnelsen av september måned. Byggestarten er planlagt i haust og tunnelen skal etter planen opne for trafikk hausten 2023.

Kontakt