3,75 mill. kroner ekstra til utviklingsprosjekt

Fylkestinget har vedtatt å løyve ekstra midlar til prosjekta «Berekraftsfylket», «Digitaliseringssamarbeid» og Campus Kristiansund.  

Skriv ut

Både Berekraftsfylket og digitaliseringsprosjektet er ein del av Prosjektet Møre og Romsdal 2025, og fylkeskommunedirektøren skriv at det hastar med få på plass ressursar og organisering, særleg når det gjeld «Berekraft» og digitaliseringssamarbeid. 

Kan få nasjonal rolle som berekraftfylke 

I saksframlegget til fylkeskommunedirektøren står det at Møre og Romsdal kan få ei sentral nasjonal rolle innanfor berekraftsarbeid i kommunal sektor. Satsinga har blitt svært godt mottatt, noko som gjer det nødvendig for fylkeskommunen å auke administrativ kapasitet og ha økonomiske verkemiddel i prosjektet. Fylkeskommunedirektøren vurderer det som heilt avgjerande at prosjektet får tilført meir ressursar, og vi må handle raskt, dersom vi skal etablere Møre og Romsdal som berekraftfylke nummer ein i Norge. 

Digitaliseringssamarbeid går over i ny fase 

Digitaliseringssamarbeidet er i overgangen frå forprosjekt til hovudprosjekt, og ein ser allereie at dette ikkje let seg finansiere over dagens løyving til Møre og Romsdal 2025. Etter ei brei kartlegging i alle kommunane i fylket er det no sett ned ei arbeidsgruppe frå kommunane som skal utgreie vidare formål, innhald og vidare organisering av arbeidet. Kristiansund og Ålesund kommune har ei leiande rolle i dette arbeidet. 

Fylkeskommunedirektøren foreslår at det blir lagt inn ei årleg løyving på 1 500 000 kroner i åra 2020-2022 for å dekke kostnader til digitaliseringssamarbeidet.  

Campus Kristiansund 

Prosjektet Campus Kristiansund har gitt svært gode resultat. Auken i talet på høgskulestudentar i Kristiansund har vore svært stor, og alt ligg no til rette for at sjølve Campusbygget blir realisert innan få år. 

Prosjektet har frå 2020 fått redusert ramma frå 2 000 000 til 1 000 000 kroner. Sjølv om ein har kome langt i arbeidet med auka tal på studieplassar og Campusbygg, er det mykje som skal på plass før ein har tatt ut heile potensialet i prosjektet. Dette dreier seg m.a. om å på plass forsking og næringsliv samt etablere gode samspelsarenaer på Campus. 

Prosjektleiar arbeider no mykje med mobilisering og samordning av aktørar ein ønskjer inn på Campus i tillegg til høgskule. Sjølv om utbyggar har eit naturleg ansvar for å hente inn leigetakarar, viser det seg at prosjektleiar med sin inngåande kjennskap til prosjektet og aktuelle aktørar framleis spelar ein viktig rolle for å få eit optimalt resultat av Campus-prosjektet. 

Du kan lese heile saksframlegget i den politiske møtekalenderen