21,2 mill. kroner til Ålesund, Molde og Kristiansund

Fylkespolitikarane løyver samla inntil 21,2 mill. kroner til Ålesund, Molde og Kristiansund. Pengane skal gå til delprosjekt under den felles paraplyen «Byen som regional motor».

Skriv ut

Ålesund, Molde og Kristiansund har sidan 2012 samarbeidd om berekraftig byutvikling. For perioden 2017 – 2020 vedtok fylkespolitikarane å sette av 25 mill. kroner per år til ei felles prosjektsatsing «Byen som regional motor». Målet er å styrke byane som attraktive regionsenter.  

Gang- og sykkelveg, kunst i byrom, skatepark, aktivitetstorg for barn er eksempel på tiltak som byane har sett i gang.

-«Byen som regional motor» er ei viktig satsing for fylkeskommunen, og det er stas å sjå kva satsinga har bidratt til i byane i fylket vårt, seier leiar i kultur, næring og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

-Kristiansund har jobba spesielt godt med fysiske tiltak, for eksempel på Carolines plass og i Vågen. Molde fortener ros eit spennande smartby-prosjekt og for at dei involverer ulike brukargrupper i arbeidet. Ålesund har mellom anna jobba godt med planlegging og er no klare for å gjennomføre fleire fysiske byutviklingstiltak som til dømes kunst i byrom, aktivitetstorg for born og unge og utandørs skatepark i sentrum, seier Krogsæter.

Tiltaka som får støtte frå fylkeskommunen er forankra i kommunane sine eigne planar for sentrumsutvikling og i nasjonale mål om bustad, areal og transportutvikling. 

Kultur- næring og folkehelseutvalet vedtok i møte tysdag 1. september å støtte følgande delprosjekt:

Tiltak i ÅlesundTilskot, inntil
Kunst i byrom, Kiperviktorget1 650 000
Smartby-prinsipp i planlegging av Kiperviktorget500 000
Aktivitetstorg for barn og unge - Kolvikbakken1 500 000
Medverknadsprosessar i utvikling av byromsstrategi300 000
Kulturhamna - bygulv, møblering, fysisk aktivitet1 650 000
Utvikling - St.Olavs plass, Korsatunellen og Harald Torsviks plass1 000 000
Utandørs skatepark i Ålesund sentrum400 000
Sum7 000 000

 

Tiltak i MoldeTilskot, inntil
Prosjektleiarstilling BRM 2 år900 000
Sjøfronten 2 - leik og aktivitetsområde4 000 000
Kompetanse og kunnskapsutvikling300 000
Rosenes by300 000
Smart mobilitet - Det gyldne triangel1 623 000
  
Sum7 123 000

 

Tiltak i KristiansundTilskot, inntil
Havna (gangveg, sykkel, belysning, benkar, møterom)2 700 000
Aldersvenleg sentrum (lys, benkar, kunst, sykkel, gonge og snarvegar)1 900 000
Fotobyen1 000 000
Sundbåten1 500 000
Sum7 100 000

 

Du kan lese heile saka her

Kontakt