2020 har fått fart på forskinga i Møre og Romsdal

Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal (RFF) har i år løyvd 29,6 mill. kroner til prosjekt som utviklar nye, innovative løysingar og produkt ved hjelp av forsking. 

Skriv ut

Møre og Romsdal er det minste av 11 regionale forskningsfond i Noreg, men har i 2020 behandla flest søknadar og gitt mest støtte.

-2020 har vore eit spesielt år. Eit stort omstillingsbehov i næringslivet vart ytterlegare utfordra av Covid 19. Regionalt forskningsfond har sørga for at mange innovasjons- og omstillingsprosessar har kunne starte. Ekstra løyvingar til fondet frå fylkespolitikarane i Møre og Romsdal og Kunnskapsdepartementet har gjort RFF til eit viktig regionalt verkemiddel i ei vanskeleg tid, seier næringssjef i fylkeskommunen og styreleiar i fondet, Bergljot Landstad. 

Av totalt 74 søknadar har 31 bedriftsprosjekt og 4 kommunale prosjekt av høg kvalitet mottat mellom 500 000 og 2,1 mill. kroner i støtte frå fondet. Her er oversikta over alle prosjekt som har fått støtte frå RFF Møre og Romsdal.

Kva er RFF Møre og Romsdal?

RFF Møre og Romsdal er eit ordning for å styrke forskingsevna i Møre og Romsdal gjennom tilskot til forskingsprosjekt og mobilisering til auka FOU-innsats. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som forvaltar ordninga.

To av prosjekta som har fått støtte:

Prosjekt «Utvikling av digital produktdataplattform», Ulstein Design AS v/ Håkon Vestnes, mobil: 957 80 353

Prosjekt «Optimal volumutnyttelse i grossistbransjen med bruk av kunstig intelligens», Currence Robotics AS v/ Torbjørn Krogen, mobil: 926 09 775

 

Snarvegar

Kontakt