15 millionar til forsking i verdsarvområde med Geirangerfjorden som case

Fylkeskommunen deltar i prosjektet Twin Fjord som nyleg har blitt blitt innvilga av Norges Forskningsråd.

Skriv ut

Prosjektet skal utvikle teknologi som gjer det lettare å drive berekraftig arealplanlegging i verdsarvområde.

- Vi håper at prosjektet vil gi oss eit interaktivt, visuelt verktøy skal gjere det lettare å forstå verknader av det som blir planlagt gjennomført og vedtak som blir gjort, seier Johnny Loen, plansamordnar i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Fylkeskommunen vil delta i workshops, seminar og prosjektmøte og gjennom formidling.

- Vi er glade for å kunne bistå NTNU i Ålesund og andre forskings- og utviklingsmiljø i fylket, seier Ingunn Bekken Sjåholm, fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

At Fjord og Stranda er valt ut som case er ikkje tilfeldig. Kommunane må ta omsyn til faktorar som turisme, næringsliv, verdsarv, naturvern, ras og flodbølge når dei forvaltar sine areal.

Arealplanlegging skaper engasjement

I det siste har det vore mange eksempel på at arealplanlegging er viktig for folk i fylket, noko engasjementet rundt store vegprosjekt og vindmøller vitnar om.

- Med dette samarbeidsprosjektet vil vi bidra til å gjere Møre og Romsdal til eit nasjonalt tyngdepunkt for forsking innan utvikling og bruk av digitale verktøy for berekraftig samfunnsutvikling, seier instituttleiar for Institutt for internasjonal forretningsdrift ved NTNU, Hans Solli-Sæther.

Stort samarbeidsprosjekt

Blant samarbeidspartnarane frå offentleg og privat sektor er Fjord og Stranda kommune, Stranda Hamnevensen, Stiftelsen Geirangerfjorden Verdsarv, Fjordhagen, Offshore Simulator Centre, Ålesund Kunnskapspark, Møre og Romsdal Fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. I tillegg er Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) og Norges Universitet for Miljø- og Biovitenskap (NMBU) og Universitetet i Bonn med som forskingspartnarar.

Prosjektet vil gå frå 2021 til 2024.

Kontakt