12 søkarar får ungdomsmidlar

Ungdomspanelet har under sitt møte 23. april nok ein gong delt ut 125 000 kronar til ulike tiltak for ungdom i heile Møre og Romsdal. Kvart år har Ungdomspanelet 250 000 kronar å dele ut, fordelt på kvart halvår. Fristane for å søke er 1.april og 1.desember, og tilskot som stimulerer ungdoms- engasjement samt alternative ungdomsaktiviteter vert særlig prioriterte.

Skriv ut

- Ut i frå dei 27 søknadane vi har fått inn ser vi tydeleg at ungdom i Møre og Romsdal er veldig engasjerte, og at mangfaldet er stort. Det er artig å sjå at så mange ønskjer å setje i gang tiltak for unge der dei bor, dessverre er det for oss ikkje mulig å støtte alle med dei beløpa som blir søkt om. Ungdomspanelet hadde nokre harde diskusjonar for å komme fram til kven som skulle støttas ved denne utdelinga, men til slutt verte vi einige om å prioritere flotte tiltak som kan gange mange, og over tid. Dette seier Urte Karanauskaite, leiar i Ungdomspanelet.

Av søknadane som kom inn, var det 12 som fikk bevilga midlar. Det totale søknadsbeløpet for var på over 1 million kroner.

Nestleiar Ole August Iversen synes det er viktig at ungdommen nyttar denne flotte moglegheita som dei unge i fylkeskommunen får to gongar i året til å søkje om midlar, seier han. I år har vi valt å støtte alt i frå utstyr til LAN og musikkverkstad til skredutstyr og aktivitetar på ungdomsklubb.

- Gong på gong viser ungdom i Møre og Romsdal at dei er engasjerte, og at ungdomsmidlane bidrar til å gjere det betre å være ung i Møre og Romsdal. Vi i ungdomspanelet håper at ein ikkje slutter å søke om midlar, sjølv om ein ikkje har fått bevilga noko midlar denne gongen. Det å kunne bidra med økonomisk støtte til ulike formål er noko vi sett stor pris på seier Urte, og avsluttar med å seie at ungdomspanelet ser fram til vinteren 2020 for å dele ut enda fleire midlar til ungdom.

Desse fekk støtte:

SøkarSøknadTildelt

Kulturverkstaden -

Øvingsloftet

Innkjøp av instrument og øvingsutstyr10 000
Ungdomsrådet i HareidUtstyr til ungdomsklubben på Hareid8 650
HerøyLANSøknad om støtte til innkjøp av nettverks utstyr samt utvidelse av Bumperballs tilbud13 000
Hjørungavåg KFUK-KFUMKjøp av stasjonær lavvo med ildsted12 300

Molde Svømme- og

Livredningsklubb

Materiell til treningsopplegget vårt som ryggstartlist, handpaddles og symjebrett11 000
Gjemnes UngdomsklubbStøtte til fleire arrangement og aktiviteter i ungdomsklubben4 000

Adelaida Temelloso-

Røsok

Gi trening i sjøen for barnehagebarn og barneskolebarn5 000
DNT RomsdalSkredkurs og skredutstyr for ungdom4 500

Elevråd ved Molde

Videregående Skole

Innkjøp av biljardbord, bordtennis, kortstokker og sjakkbrett - fritidstilbud for elever10 030
Rensvik PaintballklubbBygging av paintballbane i Sødalen på Frei20 000
Grimshøgda 4HPakke med 11 hengekøyer, 11 underlag og 7 tarp (4x3 meter)15 000
KambaMusikk Musikkutstyr11 520
Sum 125 000

 

Kontaktpersonar:

- Urtė Karanauskaitė, leiar i ungdomspanelet, mob. 925 69 071, e-post: xdent@hotmail.com
- Ole August Iversen, nestleiar i ungdomspanelet, mob. 472 17 921, e-post: oleaugustiversen@gmail.com