10. mill. kroner i drahjelp for reiselivet

-Møre og Romsdal skal framleis ha opplevingar å selje når marknaden opnar igjen, seier leiar av kultur, næring- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter.

Skriv ut

Fylkestinget vedtok 21. april å sette av 10. mill. kroner til utviklingstiltak i reiselivsnæringa. No har kultur- næring og folkehelseutvalet bestemt korleis pengane skal brukast.

Offensiv marknadsføring i den norske marknaden

7 mill. kroner skal gå til å marknadsføre Møre og Romsdal som reisemål for norske turistar.  -Situasjonen for reiselivet er kritisk. Alle besøk frå utlandet er kansellert, noko som gjer det ekstra vanskeleg for kommunar som har ein stor andel tilsette i reiselivsnæringa. Men sidan mange nordmenn kjem til å droppe utanlandsferien i år, er dette også ein god moglegheit til å lokke flest mogleg til Møre og Romsdal for å sjå og oppleve alt det fantastiske som vi har å by på, seier Krogsæter.

Tilskotsordning

Dei resterande pengane på 3. mill. kroner skal gå til ei tilskotsordning som skal bidra til at reiselivsnæringa kjem styrka ut av dagens krise. Her vil det bli opna for at tiltak kan fullfinansierast.

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet behandla saka i møte 5. mai. Les heile saka her.

Kontakt:

Marit Nerås Krogsæter, Leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet (Sp), tlf: 918 32 844

Kontakt