1,5 mill. til "Møre Havlab" på Atlanterhavsparken

Møre og Romsdal fylkeskommune gir Atlanterhavsparken, Ålesund Akvarium, støtte til å etablere «Møre Havlab» i samband med at Atlanterhavsparken har fått tildelt status som marine vitensenteret i Norge.

Skriv ut

Atlanterhavsparken fekk hausten 2019 status som regionalt vitensenter av Kunnskapsdepartementet. Dette er det første regionale vitensenteret med marin profil av totalt 11 slike senter i Noreg.  

-Den marine næringa er svært viktig for Møre og Romsdal, og fylkeskommunen ønskjer å bygge opp under det marine vitensenteret, seier leiar av kultur, næring og folkehelseutvalet Marit Krogseter. Utvalet behandla saka tysdag 10. mars.   

Som regionalt vitensenter skal Atlanterhavsparken bl.a. lage ei interaktiv utstilling der deltakarane får delta i eksperiment innan tema som algar og fotosyntese som starten på havets verdikjeder og opphavet til marine oljer, marine dyr si oppbygging og tilpassing, forskingsmetode og lokale forskarar og vassmiljø. Utstillinga har fått arbeidstittelen «Møre Havlab» og blir eit av dei første vitensentertilboda som skal takast i bruk ved akvariumet. Havlabben er eit spleiselag mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Sparebanken Møre, i tillegg til at Atlanterhavsparken vil legge inn betydeleg eigeninnsats i arbeidet.

Støtta frå fylkeskommunen er på inntil 1,5 millionar kroner, og skal brukast til opprusting av ein fløy på Atlanterhavsparken, med ombygging, utvikling av utstilling, innkjøp av utstyr, utvikling av konsept, justeringar av utstilling med meir fram til hausten 2023. Opning av «Møre Havlab» er planlagt i august i år.

 

Kontakt