Folkehelsestatistikk

Med folkehelse meiner vi befolkninga sin helsetilstand og korleis helsa fordeler seg i befolkninga. Kommunane og fylkeskommunen er pålagt å lage ei oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne.

På denne sida finn du relevant statistikk og publikasjonar knytt opp mot kravet om oversikt.

Møre og Romsdal Idrettskrets, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjennomførte i vinter ei spørjeundersøking blant kommunane i fylket. Undersøkinga er ein del av eit felles arbeid i folkehelseforum, der dei tre organisasjonane er med. Resultatet av undersøkinga er no klart i rapporten «Levekårsundersøkinga for Møre og Romsdal 2021». 14 av 26 kommunar svarte på undersøkinga, blant dei to av byane.

Kommuneundersøkinga om levekåra i Møre og Romsdal viser mellom anna at kommunane prioriterer folkehelsa til barn og unge. Kommunane er klar over at dei bør jobbe meir med bustadsosial planlegging.

Langsiktig og systematisk arbeid

Undersøkinga gir oversikt over utvalde levekårområde i kommunane: Folkehelse og planarbeid, medverknad, bustad og nærområde, helsestasjon og skolehelseteneste, systematisk jobbing for å redusere sosiale skilnader og innsats retta mot frivilligheit og kultur.

Følg denne lenka for å lese rapporten (lenke opnast i ny fane).

Her er resultata frå Folkehelseinstituttet (FHI) sin fylkesrapport gjort tilgjengeleg i Excel format. 

Konfidensintervalla frå resultata er fjerna, slik at ein berre står igjen med enten eit matematisk gjennomsnitt eller prosent del. 
Konfidensintervalla viste verdiane ein med 95 % sikkerheit kunne seie ville vere representative for heile populasjonen. 
Om funn i rapporten utan konfidensintervall er overraskande, bør ein sjå om dette speilast i eit stort konfidensintervall i rapporten frå FHI.

I matrisene har vi nytta trafikklysskala kor grønt er bra, gult ok og rødt er dårleg. Her er kommunane i fylket berre matematisk samanlikna med kvarandre. 
Det vil seie at «vurderinga» er rein matematikk utan folkehelsefaglege vurderingar. Sidan samanlikning er avgrensa til kommunane i fylket, tar fargeskalaen heller ikkje omsyn til om kommunane i snitt ligg langt over (eller under) eit eventuelt landsgjennomsnitt.

Les meir i Excelrapportane

Ved å klikke på lenka lastar du ned rapporten på di maskin, telefon eller nettbrett.

Merk: Dette er ein korrigert versjon av rapporten. Førre versjon, datert 23. april 2021, innehaldt ein beklageleg i feil prosentdelar for høvesvis «Korsryggsmerter siste 28 dagar» og «Nakkesmerter siste 28 dagar». Rapporterte tal for nakkesmerter viste tal for korsryggsmerter og motsett. Rettingar er gjort i kap. 3.52 og 3.53, med tilhøyrande omtale av tal i samandrag og gjennomgang av funn (kap. 4.1.10).

Elles, som følge av ein feil i talmaterialet frå FHI er Folkehelseundersøkinga Møre og Romsdal 2021 - Matrise og kommunetabellar feil når det gjeld prosentdelar for høvesvis «Korsryggsmerter siste 28 dagar» og «Nakkesmerter siste 28 dagar» (rapporterte tal for nakkesmerter viste tal for korsryggsmerter og motsett).

Dette vil bli retta opp.

Folkehelseundersøkinga Møre og Romsdal 2021 - Kommunetabellar

Folkehelseundersøkinga Møre og Romsdal 2021 - Matrise og kommunetabellar

Snarvegar

Dokumenter

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.