Ein bypakke består av fleire samferdsels- og bymiljøtiltak i og rundt byane.
Målet med bypakkane er at at fleire skal sykle, gå og reise kollektivt, og at talet på bilreiser skal ned. Samtidig skal dei ta i vare framkomsten for næringstransport.
Bypakkane vert finansiert av eit spleiselag mellom stat, kommunar, fylkeskommune og brukarar.
Med bypakkar får vi moglegheit til å:
Det er viktig å sjå desse tiltaka i samanheng, derfor er bypakkar eit eigna verkemiddel.
Bypakke Ålesund blei vedtatt i Fylkestinget og i bystyret i Ålesund i juni 2019. Bypakka skal også behandlast i Stortinget. Planlagt start er i løpet av 2021.
Det blir også jobba med bypakkar i Molde og Kristiansund.