Folkehelse

Hos oss kan du få rettleiing, delta i nettverk og på samlingar, få kompetanseheving, søke om støtte og delta i God Helse samarbeidet.

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit strategisk samarbeid med kommunane om å utvikle folkehelsearbeidet i fylket. Avtalen er forankra politisk og byggjer på God Helse-partnarskapet frå 2004 til 2019.

Formålet med avtalen er å sikre ei god samordning av folkehelsearbeidet i fylket og følge opp måla i den nasjonale, regionale og lokale folkehelsepolitikken. Avtalen skal medverke til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelse og utjamnar sosiale helseforskjellar.

Fylkeskommunen tildeler eit årleg tilskot på bakgrunn av politiske prioriteringar, og kommunane bidreg meg tilsvarande midlar for å følge opp eigne prioriterte arbeidsområde for å møte folkehelseutfordringane.

Hos oss kan du få:

  • Hjelp til å søke om spelemidlar til idrettsanlegg og friluftsliv. Du kan søke via sida for tilskot, prisar og stipend
  • Kurs og fordrag om fysisk aktivitet
  • Rådgiving om uteområder for skular, barnehagar, idretts og friluftslivsanlegg
  • Rådgiving om oppstart og drift av Aktiv på dagtid og andre lågterskeltilbod
  • Økonomisk støtte til tiltak innan fysisk aktivitet og friluftsliv

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt