Vilkår for kulturtilskot

Har du søkt – eller skal du søke – tilskot, prisar eller stipend frå kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune? Her finn du gjeldande vilkår for våre støtteordningar.

Desse vilkåra er generelle og gjeld alle kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

På generelt grunnlag kan ikke fylkeskommunen gje støtte til:

  • Politisk verksemd
  • Humanitær verksemd
  • Organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller vidareformidle midlar
  • Organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine økonomiske eller yrkesmessige interesser
  • Trussamfunn

Vilkår for tildeling

  • ​​​Tilskotet gjeld prosjektet slik det er skildra i søknaden. Dersom de endrar på prosjektet utan vår godkjenning, kan vi trekke tilskotet tilbake.
  • Tilskotet kan ikkje utgjere meir enn 50 % av det prosjektet kostar. Det betyr at tilskotet kan bli redusert dersom prosjektet viser seg å koste mindre enn de hadde budsjettert med.
  • Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • Ordninga med følgjekort for funksjonshemma brukarar skal gjelde for dei opne kulturtilboda som tilskotsmottakarane står som arrangør av. 
  • Tiltak som får prosjekt- eller driftstilskot skal så langt som råd vere tilgjengeleg for alle, og byggje på prinsippet om universell utforming.
  • Tilskotsmottakarar skal legge til rette for bruk av ordninga «Kulturrabatt for ungdom».

Tilbakebetaling

  • Det er ein føresetnad at tiltaket vert gjennomført i tråd med aktuelt og gjeldande lovverk. Om ikkje, vil tilskotet bli kravd tilbakebetalt.
  • Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden om tilskot, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake.
  • Dersom det blir utbetalt for mykje tilskot på grunn av feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av tilskotet bli kravd tilbakebetalt.
  • Dersom de ikkje oppfyller vilkåra og rapporteringskrava, vil vi trekke tilskotet tilbake.

Tilskot til brannsikring av tette trehusområde skal bidra til den nasjonale målsettinga om at «branner med tap av uerstattelige nasjonale kulturverdier ikke forekommer». Målsettinga er at alle dei tette trehusområda skal ha ein brannsikringsplan nyare enn 5 år, og at alle tiltaka i plana skal vere gjennomført.

Søknaden må innehalde

  • Skildring og foto av det aktuelle trehusområdet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Rapport med beskriving av problem og utfordringar iht. brannsikkerheit
  • Beskriving av nødvendige brannsikringstiltak frå brannvernkyndig ekspertise
  • Spesifisert kostnadsoverslag for både brannsikringsplan og konkrete tiltak
  • Finansieringsplan

Krav til rapportering

Etter at tiltaket er gjennomført, skal du levere ein sluttrapport til fylkeskommunen, som skal sjå til at arbeidet er utført i samsvar med vilkåra for tilskotet. Sluttrapporten skal føreligge seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført, og skal innehalde

  • oversikt over rekneskap over kostnader og finansiering, satt opp i samsvar med søkt budsjett, og kor avvik er forklart
  • orientering om tiltak er gjennomført i samsvar med vilkår for tilskotet
  • utgreiing for heile prosjektet og rapport for utført arbeid samt dokumentasjon i form av fotografi eller andre medium frå før, under eller etter.

Det kan bli gjort unntak frå kravet om frist for sluttrapport dersom særlege grunner taler for det.

Ordninga skal bidra til at verdsarvområdet blir utvikla som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturminneforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern. Tilskotsposten skal medverke til at skjøtsel, vedlikehald og istandsetting av kulturminne og kulturmiljø følgjer beste praksis og blir nytta som ressurs i ei berekraftig samfunnsutvikling.

Søknaden må innehalde

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot

  1. Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  2. Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar på heimesida.
  3. Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  4. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
  5. Som hovudregel skal tilskotet ikkje overstige 50-70 prosent av budsjettet. Unntak frå dette må vurderast i lys av formålet med tiltaket, kulturminnet sin verdi, eigaren si nytte og om det ligg føre urimeleg stort vedlikehaldsansvar.

Krav til rapportering

Etter at tiltaket er gjennomført, skal du levere ein sluttrapport til fylkeskommunen, som skal sjå til at arbeidet er utført i samsvar med vilkåra for tilskotet. Sluttrapporten skal føreligge seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført, og skal innehalde

  • oversikt over rekneskap over kostnader og finansiering, satt opp i samsvar med søkt budsjett, og kor avvik er forklart
  • orientering om tiltak er gjennomført i samsvar med vilkår for tilskotet
  • utgreiing for heile prosjektet og rapport for utført arbeid samt dokumentasjon i form av fotografi eller andre medium frå før, under eller etter.

Det kan bli gjort unntak frå kravet om frist for sluttrapport dersom særlege grunner taler for det.

Den kulturelle spaserstokken skal gi gode kunst- og kulturprosjekt for eldre og legge til rette for auka samarbeid mellom kultur- og omsorgssektoren.

Vilkår for tilskot

  • Tilskotet skal gå til å realisere kulturtiltak som er skildra i søknaden. Vesentlege endringar i planen skal skje etter nærare avtale med Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er høve til å bruke tilskotet til transport i samband med kulturopplevingar.
  • Det er ikkje høve til å nytte tilskotet til andre aktivitetar som til dømes datakurs, julebord, trimtiltak eller turar utan eit klart kunst- og kulturfagleg innhald. Når kulturtilbodet er ein del av eit større arrangement, skal tilskotet finansiere det kulturfaglege innhaldet (til dømes honorar til utøvarar eller leige av lydutstyr), ikkje andre utgifter (til dømes bevertning).
  • Tilskotet skal ikkje kome til erstatning for kommunale tilskot til eksisterande eller planlagde satsingar eller tiltak som allereie er sikra finansiering. Det er ikkje høve til å nytte tilskotet til investeringar/utstyr, administrasjon, planlegging eller kompetanseutvikling.
  • Ordninga med følgjekort for funksjonshemma skal gjelde for dei opne kulturtilboda som tilskotsmottakarane arrangerer.
  • Institusjonar og organisasjonar m.v. skal gi opplysning om organisasjonsnummer for å få tilskot utbetalt.

Med vårt tilskot, ønsker vi også at søkjar medverkar til å oppnå fylkeskommunen sine kulturpolitiske mål (lenke opnast i ny fane). Vi ber søkjar særleg merke seg prioriteringar i den gjeldande Fylkesplan, i tillegg til regionale delplaner for folkehelse, attraktive byar og tettstader og klima og museum.

Vilkår for tilskot

  1. Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  2. Ved tilsegn over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor ved innsending av rekneskap/rapport.
  3. Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  4. Ordninga med følgekort for funksjonshemma brukarar skal gjelde for dei opne kulturtilboda som tilskotsmottakarane står som arrangør av.
  5. Arrangement skal så langt som råd vere tilgjengelege for alle, og bygge på prinsippet om universell utforming.
  6. Vi ber kulturinstitusjonar og frivillige organisasjonar gjere seg kjent med og nytte Kulturnett Møre og Romsdal sine tenester, sjå www.mr.kulturnett.no (lenke opnast i ny fane) samt tilskotsordninga «Kulturrabatt for ungdom».

Krav til rapportering

  • Årsrapport, revidert rekneskap med balanse og noter, revisjonsmelding og melding frå styret for året det er gitt tilskot skal sendast inn. Desse dokumenta skal vere signerte.
  • For å rapportere loggar du inn på www.regionalforvaltning.no (lenke opnast i ny fane), finn søknaden som er innvilga og ber om del- og sluttutbetaling (ikkje MRS-rapport). Følg rettleiinga og last opp eventuelle vedlegg. Du vil få automatisk påminning 60 dagar før rapporteringsfrist.
  • Sluttrekneskap skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen. For tilskot over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor.
  • De må levere rapporten (oppmoding om sluttutbetaling) seinast 1. november i året det er gitt tilskot, elles kan ein risikere å måtte betale tilbake tilskotet.

Ordninga skal reviderast før tildeling for perioden 2022-2024, som har søknadsfrist 1. november 2021. Vilkåra under gjeld for mottakarane i perioden 2019-2021.

Vilkår for tilskot

  • Treårige driftstilskot blir gitt med føresetnad om at den kommunale finansieringa minimum er på same nivå som den fylkeskommunale.
  • Fylkeskommunen føreset at eventuelle ubrukte midlar frå 2020 blir brukt i 2021. Med bakgrunn i rapportering for 2020 vil fylkeskommunen også vurdere om det kan vere grunnlag for å avkorte tilskot for 2021. Eventuell avkorting av tilskot vil berre skje i dialog med tilskotsmottakar, etter at rapport for 2020 er levert.
  • Med vårt tilskot, ønsker vi også at mottakar medverkar til å oppnå fylkeskommunen sine kulturpolitiske mål. Desse finn de på www.mrfylke.no/regionalplan (lenke opnast i ny fane). Vi ber mottakar særleg merke seg prioriteringar i Fylkesplan 2021-2024 samt regionale delplanar for folkehelse, attraktive byar og tettstader og klima og museum.

Krav til rapportering

  • Rapporten skal innehalde årsrapport, revidert rekneskap med balanse og noter, revisjonsmelding og melding frå styret for 2020. Desse dokumenta skal vere signerte.
  • Stadfesting av det kommunale tilskotet.

Dokumenta skal skannast og sendast på e-post til fylkeskommunen på post@mrfylke.no og merkast med saksnummeret som du finn i tildelingsbrevet.

Frist for rapportering er 1. juli 2021.
Manglande innsending av rapporter kan føre til at tilskot blir heldt tilbake.

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet presiserer vidare følgjande:

a) Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

b) Ved tilsegn over 200 000 kroner er det stilt krav om autorisert revisor ved innsending av rekneskap/rapport.

c) Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

d) Rapportering frå 2020 må leverast kulturavdelinga innan 1. juli 2021 for sluttutbetaling av tilskot.

e) Ordninga med følgjekort for funksjonshemma brukarar skal gjelde for dei opne kulturtilboda som tilskotsmottakarane står som arrangør av.

f) Tiltak som får prosjekt eller driftstilskot skal så langt som råd vere tilgjengeleg for alle, og byggje på prinsippet om universell utforming.

g) Tilskotsmottakarar skal legge til rette for bruk av ordninga «Kulturrabatt for ungdom»

Verna og freda fartøy er spor etter vår maritime kultur og viktige representantar for historie, handverk og maritim teknologi. Dei formidlar alle sider av norsk sjøfart, fiskeri, vare- og persontransport, rekreasjon, infrastruktur, forsking, utanriksfart og handel. Gjennom eit samarbeid med Riksantikvaren gjev fylkeskommunen tilskot til verna og freda fartøy som skal bidra til å ta vare på kulturminne som formidlar Noreg si utvikling som sjøfartsnasjon.

Krav til søknad

For å sikre ei forutsigbar og kostnadseffektiv gjennomføring av istandsettings- og vedlikehaldstiltak, skal fartøy som har grunnlagsdokumentasjon prioriterast ved tilskot. Grunnlagsdokumentasjon inneber:

  • Oppdatert tilstandsvurdering
  • Teknisk-historisk dokumentasjonsrapport godkjent av forvaltninga
  • Restaureringsplan godkjent av forvaltninga

Det er eit krav om grunndokumentasjon til nye istandsettingsprosjekt med tilskot frå post 74.

Følgande tiltak kan ikkje dekkast av posten:

  • Kostnader knytt til dugnad, reise og opphald
  • Utgifter til sertifisering
  • Administrative utgifter for eigare
  • Museal drift eller virke

Tiltak skal gjennomførast etter antikvariske retningsliner, og i samsvar med andre retningsliner frå forvaltninga.

Søknaden må innehalde

For at søknaden skal bli behandla må følgande informasjon vere med:

  • Fartøyets namn, byggjeår og konstruksjon
  • Fartøyets eigenart, historikk eller funksjon
  • Opplysningar om fartøyet er verna, eller freda av Riksantikvaren
  • Informasjon om tiltaket
  • Gjennomføring av tiltaket
  • Finansiering og budsjettering
  • (Effekt av tiltaket)

Tilskotsordninga skal bidra til å støtte private eigarar av freda kulturminne i deira arbeid med å ta vare på kulturminne og kulturmiljø. Gjennom tilskotet skal freda kulturminne og kulturmiljø setjast i stand som eit grunnlag for ivaretaking av kjeldeverdi, opplevingsverdi, bruk og verdiskaping.

Søknaden må innehalde

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete) 
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket 
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar 
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar 
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot

  1. Alle tiltak skal skje i samsvar med fredingsvedtaket sine føresegner samt antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå eigen rettleiar.
  2. Utførande handverkar skal oppgje formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon.  Handverkarane skal ha fagskulepoeng eller studiepoeng innan praktisk bygningsvern, eller kunne dokumentere tilsvarande vedlikehaldskompetanse. Generelt skal det stillast krav til at handverkarane tidlegare har teke del i minst tre prosjekt med tilsvarande arbeidsoppgåver.  Sentrale fagpersonar og byggjeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
  3. Som hovudregel skal tilskotet ikkje overstige 50 % av budsjettet. Unntak frå dette må vurderast i lys av formålet med tiltaket, kulturminnet sin verdi, eigaren si nytte og om det ligg føre urimeleg stort vedlikehaldsansvar.

Målet med tilskot til ikke religiøse (profane) mellomalderbygningar er å få bygningane opp på eit normalt vedlikehaldsnivå samstundes med at bygningane sin kjeldeverdi vert bevart. Dette er noko av dei eldste trebygningane i verda. Materiell autentisitet vert difor sterkt vektlagt.

Søknaden må innehalde

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot

  1. Alle tiltak skal skje i samsvar med fredingsvedtaket sine føresegner, samt antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar nedst på sida.
  2. Utførande handverkar skal oppgje formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon. Handverkarane skal ha fagskulepoeng eller studiepoeng innan praktisk bygningsvern, eller kunne dokumentere tilsvarande vedlikehaldskompetanse. Generelt skal det stillast krav til at handverkarane tidlegare har teke del i minst tre prosjekt med tilsvarande arbeidsoppgåver. Sentrale fagpersonar og byggjeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
  3. Som hovudregel skal tilskotet ikkje overstige 50-70 prosent av budsjettet. Unntak frå dette må vurderast i lys av formålet med tiltaket, kulturminnet sin verdi, eigaren si nytte og om det ligg føre urimeleg stort vedlikehaldsansvar.

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer gjennom denne tilskotsordninga å bidra til å leggje til rette for og stimulere til at ungdom busett i Møre og Romsdal i alderen 15–20 år skal få kjennskap til eit bredt kultur- og idrettstilbod til ein lågare pris gjennom å bruke kulturrabatten.

Søknaden må innehalde

  • Namn på arrangør, kontaktperson, adresse og organisasjonsnummer
  • Kontonummer
  • Type arrangement/aktivitet
  • Billettpris og rabatt på billetten
  • Søknadssum basert på eit estimat av selde billettar for 2021
  • Beskrive korleis du vil marknadsføre Kulturrabatt for ungdom i dykkar drift

Vilkår for tilskot

  • Etter at søknaden er behandla, vil arrangøren få skriftleg melding om ein får tildeling eller ikkje. Tildelingsbrevet gir opplysningar om eventuelt tildelt maksimal sum for rabattar som fylkeskommunen refunderer, og vilkår som må vere oppfylte før utbetaling skjer.
  • Det oppmodast til å gi rabatt gjennom digitalt billettsystem for å nå ut til flest mogleg ungdom.
  • For arrangørar må det sendast inn spesifisert rapport over selde billettar/rabattar gitt per type arrangement/aktivitet (vedlegg til tildelingsbrev) samt billettpris. For heilårsdrift skal det sendes inn rapportering 1. august og 1. februar. For sesongbasert drift og for enkeltarrangement sendast rapport innan tre veker etter sesongen/arrangementet er avslutta.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune sender informasjonsmateriell på oppmoding. Arrangøren pliktar å synleggjere dette, mellom anna i billettluke og ved annonsering av arrangement. Marknadsføring utover dette er arrangøren sitt ansvar. Arrangøren skal sende inn trykt materiell og/eller vise til nettside saman med refusjonskravet.
  • Ved rapportering, dersom verksemda er omfatta av momskompensasjonsordninga er det alltid beløp utan moms som er grunnlag for tilskot.

Krav til rapportering

  • Rapporten skal innehalde ei kort skildring av prosjektgjennomføringa med opplysningar om program og/eller aktivitet.
  • For arrangørar må det sendast inn spesifisert rapport over selde billettar/rabattar gitt per type arrangement/aktivitet (vedlegg til tildelingsbrev) samt billettpris.
  • Sluttrekneskap skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen. For tilskot over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor.
  • Dersom verksemda er omfatta av momskompensasjonsordninga er det alltid beløp utan moms som er grunnlag for tilskot.
  • For heilårsdrift skal det sendes inn rapportering 1. august og 1. februar.
  • For sesongbasert drift og for enkeltarrangement sendast rapport innan tre veker etter sesongen/arrangementet er avslutta.
  • Rapporten skal sendast post@mrfylke.no og merkast med saksnummeret du finn i tildelingsbrevet.

Elles:

Møre og Romsdal fylkeskommune sender informasjonsmateriell på oppmoding. Arrangøren pliktar å synleggjere dette, mellom anna i billettluke og ved annonsering av arrangement. Marknadsføring utover dette er arrangøren sitt ansvar.

Arrangøren skal sende inn trykt materiell og/eller vise til nettside saman med refusjonskravet.

Kunstnarstipend skal

  • fremme kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hos kunstnarar som bur og verkar i fylket.
  • stimulere til at kunstnarar etablerer seg i fylket
  • gi kunstnarar moglegheit til å fordjupe seg kunstfagleg over tid for å utvikle seg og heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt
  • gi kunstnarane høve til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i notida sitt kunstfelt

Vilkår for stipend

  1. Stipend kan søkjast av profesjonelle kunstnarar som har vore busett og hatt sitt virke i Møre og Romsdal dei siste tre åra. Dersom det ligg føre ein særs god søknad frå kunstnarar med noko kortare bu- og arbeidstid i fylket, og som har stort potensiale i seg, kan ein slik søknad likevel vurderast.
  2. Søkjar må ha avslutta og kunne dokumentere kunstarisk utdanning på høskule- eller universitetsnivå i Noreg eller i utlandet. Søkjarar som ikkje har profesjonell kunstfagleg utdanning kan får søknad vurdert dersom dei kan dokumentere tilsvarande kunstfagleg realkompetanse (utstillingar, konsertar, utgivingar mm.) og profesjonell verksemd som søkjarar med formell kunstfagleg utdanning.
  3. Arbeidsstipendet til søkjar innan visuell kunst kan ikkje bli gitt til same kunstnar meir enn to gonger. Unntak kan gjerast dersom det foreligg særskilt gode grunnar i søknad, og det er gått 5 år sidan søkjaren sist mottok stipend.
  4. Stipend kan ikkje nyttast til kjøp av utstyr.
  5. Stipend skal ikkje nyttast til å finansiere oppstart av næringsverksemd.
  6. Søknadsfrist: 1. april. Søknad om stipend skal vere grunngjeve og innehalde prosjektbeskriving, budsjett, framdriftsplan, CV og eventuelle kontraktar for visning/framvisning av prosjekt.
  7. Utlysning av stipendet skjer i tidsrommet januar – mars på Møre og Romsdal fylkeskommune sine heimesider, i lokalpresse og utvalgte faglege organ på nasjonalt nivå.
  8. Kulturavdelinga er sekretariat for stipendet. Det blir innhenta kompetanse frå aktuelle faginstansar i vurderinga av søknadane.
  9. Kultur- og folkehelseutvalet fordeler stipenda etter innstilling frå dei ulike faginstansane.
  10. Stipendmottakarane forpliktar seg til å levere skriftleg rapport seinast innan 1.12 kvart stipendår. Rapporten skal innehalde oversikt over korleis stipendet er brukt og kunstnaren si eiga vurdering av stipendperioden. 75 prosent bli utbetalt ved tildeling og resten blir utbetalt ved rapportering.

Ordninga skal styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.

Søknaden må innehalde

  • Årsmelding for siste år
  • Revidert rekneskap for siste år
  • Budsjett for søknadsåret

All dokumentasjon må ligge ved søknaden før den kan bli behandla. Det er søkjar sitt ansvar å ettersende dokumentasjon så snart den er klar.

Vilkår og forventningar for tilskot

Eittårig tilskot til regionale festivalar og arrangement blir gitt med føresetnad om at dei blir gjennomført i tråd med søknaden.

Dei generelle krava til rapportering og retten til innsyn i bruken av tilskotsmidlane blir lagt til grunn for alle tilskotsmottakarane. Jf. retningslinjer og vilkår for tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune og vedtak i
fylkestinget i sak T-95/20, punkt 10.

Kultur-, næring-  og folkehelseutvalet presiserer vidare følgjande:

a) Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

b) Ved tilsegn over 200 000 kroner er det stilt krav om autorisert revisor ved innsending av rekneskap/rapport.

c) Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

d) Rapportering frå 2020 må leverast kulturavdelinga innan 1. juli 2021 for sluttutbetaling av tilskot.

e) Ordninga med følgjekort for funksjonshemma brukarar skal gjelde for dei opne kulturtilboda som tilskotsmottakarane står som arrangør av.

f) Tiltak som får prosjekt eller driftstilskot skal så langt som råd vere tilgjengeleg for alle, og byggje på prinsippet om universell utforming.

g) Tilskotsmottakarar skal legge til rette for bruk av ordninga «Kulturrabatt for ungdom».

h) Tilskuddsmottaker forutsettes å honorere kunstnere og fagpersoner i tråd med gjeldende avtaler, vederlagsordninger og anbefalte satser der det er relevant.​​​​​

​​​​Krav til rapportering

  • Årsrapport, revidert rekneskap med balanse og noter, revisjonsmelding og melding frå styret for 2021 skal sendast inn. Desse dokumenta skal vere signerte.
  • Sluttrekneskap skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen. For tilskot over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor.
  • For å rapportere loggar du inn på www.regionalforvaltning.no (lenke opnast i ny fane), finn søknaden som er innvilga og ber om del- og sluttutbetaling (ikkje MRS-rapport). Følg rettleiinga og last opp eventuelle vedlegg.
  • Sluttrapporten (oppmoding om sluttutbetaling) sendast inn når festivalen/arrangementet er gjennomført, seinast 1. juli i året det vert gitt tilskot.

Du vil få automatisk påminning 60 dagar før rapporteringsfrist.

Manglande innsending av rapporter kan føre til at tilskot blir heldt tilbake.

Tilskot til regionale festivalar og kulturarrangement er delt mellom eittårig og treårige tildelingar. Tildeling av treårig tilskot blir gjort kvart tredje år og 2021 er siste år for denne perioden.

Ordninga skal reviderast før tildeling for perioden 2022-2024. Vilkåra under gjeld for mottakarane i perioden 2019-2021.

Vilkår for tilskotet

  • Treårige tilskot til regionale festivalar og arrangement blir gitt med føresetnad om at den kommunale finansieringa minimum er på same nivå som den fylkeskommunale.
  • Fylkeskommunen føreset at eventuelle ubrukte midlar frå 2020 blir brukt i 2021. Med bakgrunn i rapportering for 2020 vil fylkeskommunen også vurdere om det kan vere grunnlag for å avkorte tilskot for 2021. Eventuell avkorting av tilskot vil berre skje i dialog med tilskotsmottakar, etter at rapport for 2020 er levert.
  • Det er ei føresetnad for tilskotet at mottakar honorerer kunstnarar og fagpersonar i tråd med gjeldande avtaler, vederlagsordningar og anbefalte satsar der det er relevant.
  • Med vårt tilskot, ønsker vi også at mottakar Festivalen medverkar til å oppnå fylkeskommunen sine kulturpolitiske mål. Desse finn de på www.mrfylke.no/regionalplan. Vi ber mottakar særleg merke seg prioriteringar i Fylkesplan 2021–2024 samt regionale delplanar for folkehelse, attraktive byar og tettstader og klima og museum.

Kultur-, næring-  og folkehelseutvalet presiserer vidare følgjande:

a) Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

b) Ved tilsegn over 200 000 kroner er det stilt krav om autorisert revisor ved innsending av rekneskap/rapport.

c) Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

d) Rapportering frå 2020 må leverast kulturavdelinga innan 1. juli 2021 for sluttutbetaling av tilskot.

e) Ordninga med følgjekort for funksjonshemma brukarar skal gjelde for dei opne kulturtilboda som tilskotsmottakarane står som arrangør av.

f) Tiltak som får prosjekt eller driftstilskot skal så langt som råd vere tilgjengeleg for alle, og byggje på prinsippet om universell utforming.

g) Tilskotsmottakarar skal legge til rette for bruk av ordninga «Kulturrabatt for ungdom».

h) Tilskuddsmottaker forutsettes å honorere kunstnere og fagpersoner i tråd med gjeldende avtaler, vederlagsordninger og anbefalte satser der det er relevant.​​​

Krav til rapportering

  • Rapporten skal innehalde årsrapport, revidert rekneskap med balanse og noter, revisjonsmelding og melding frå styret for 2020. Desse dokumenta skal vere signerte.
  • Stadfesting av det kommunale tilskotet

Dokumenta skal skannast og sendast på e-post til fylkeskommunen på post@mrfylke.no og merkast saksnummeret du finn i tildelingsbrevet.

Ordninga skal bidra til å vedlikehalde og sette i stand kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verneverdi.

Søknaden må innehalde

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot

  1. Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  2. Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar nedst på sida.
  3. Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  4. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
  5. Tilskotet kan ikkje overstige 50 % av budsjettet.

Krav til rapportering

  • For å rapportere loggar du inn på www.regionalforvaltning.no (lenke opnast i ny fane), finn søknaden som er innvilga og ber om del- og sluttutbetaling (ikkje MRS-rapport). Følg rettleiinga og last opp eventuelle vedlegg. Du vil få automatisk påminning 60 dagar før rapporteringsfrist.
  • Det skal førast rekneskap for prosjektet. Rekneskapen skal være satt opp på same måte som budsjettet i søknaden, slik at dei kan samanliknast.
  • Gjer greie for i kva grad resultatmåla er nådd.
  • Sluttrekneskap skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen (for tilskot over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor).
  • Rapporten (oppmoding om sluttutbetaling) må vere levert innan fristen oppgitt i tildelingsbrevet.

Ordninga gjeld for skilting, skjøtsel og tilrettelegging og skal medverke til å sikre, legge til rette for og formidle kulturminne, kulturmiljø, kulturlandskap, grøntområde og friluftslivsområde i Møre og Romsdal.

Søknaden må innehalde

  • Kort skildring av tiltaket med foto av staden kor tiltaket skal gjennomførast
  • Kartfesting av tiltaket
  • Dokumentasjon på at tiltaket er avklara med kommune og grunneigar
  • Kostnads- og finansieringsplan
  • Plan for korleis tiltaket skal gjennomførast

Der kulturminnet inngår i tiltaket er det i tillegg krav om tilstandsvurdering av kulturminnet.

Vilkår for tilskot

  1. Tilskotet gjeld prosjektet slik det er skildra i søknaden. Dersom de endrar på prosjektet utan vår godkjenning, kan vi trekke tilskotet tilbake.
  2. Fylkeskommunal finansieringsgrad per prosjekt skal normalt ikkje overstige 50 prosent. Dugnadsinnsats kan leggjast inn som ein del av finansieringa med ein timesats på 300 kroner. 
  3. Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  4. Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  5. Tiltak der kulturminne/kulturmiljø inngår, skal ikkje startast opp utan å vere avklart med Møre og Romsdal fylkeskommune, kulturarvseksjonen. Dette for å sikre at tiltaka vert gjennomført på ein fagleg forsvarleg måte.
  6. Tilskotet kan berre dekke materialkostnader og betalt arbeid til enkle tiltak, som til dømes tilrettelegging eller istandsetting, klopping, dekking med duk, legging av grus, skilting og liknande. Kostnadar knytt til innkjøp av verktøy og driftsmateriell vert ikkje dekt. Større friluftslivstiltak som kan få tilskot frå spillemiddelordninga blir heldt utanfor.
  7. Ved skilting skal de ta omsyn til «Skiltmal for Møre og Romsdal fylkeskommune» og «Skiltmanual 2019». Denne finn du på merkehandboka.no (lenke opnast i ny fane). På informasjonstavler skal alltid logo for Møre og Romsdal fylkeskommune være med.
  8. Kulturminne, tursti, gapahukar e.l. som er ein del av tiltaket, skal registrerast i morotur.no (lenke opnast i ny fane).
  9. De skal så langt som råd legge til rette for universell utforming.
  10. Søker må avklare med kommunen om tiltaket krev handsaming etter plan- og bygningslova.

Krav til rapportering

  • For å rapportere loggar du inn på www.regionalforvaltning.no (lenke opnast i ny fane), finn søknaden som er innvilga og ber om del- og sluttutbetaling (ikkje MRS-rapport). Følg rettleiinga og last opp eventuelle vedlegg. Du vil få automatisk påminning 60 dagar før rapporteringsfrist.
  • Det skal førast rekneskap for prosjektet. Rekneskapen skal være satt opp på same måte som budsjettet i søknaden, slik at dei kan samanliknast.
  • Gjer greie for i kva grad resultatmåla er nådd.
  • Sluttrekneskap skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen (for tilskot over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor).
  • Rapporten (oppmoding om sluttutbetaling) må vere levert seinast innan fristen oppgitt i tildelingsbrevet.

Sjå fullstendige vilkår i PDF-en «Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet» (lenke opnast i ny fane).

Ved innsending av søknad om spelemidlar samtykkar søkjar om at du har gjort deg kjent med gjeldande vilkår og retningsliner.

Ordninga skal bidra til at vesentlege delar av Noregs tekniske og industrielle historie blir bevart. Det er eit mål å auke kunnskapen om mangfaldet av tekniske og industrielle anlegg, som grunnlag for forsking, formidling, oppleving, bruk og mogleg ny bruk.

Søknaden må innehalde

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivar.
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot​​​​

  • Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande.
  • Utførande handverkar skal oppgje formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon. Sentrale fagpersonar og byggjeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.

Krav til rapportering

  • For å rapportere loggar du inn på www.regionalforvaltning.no (lenke opnast i ny fane), finn søknaden som er innvilga og ber om del- og sluttutbetaling (ikkje MRS-rapport). Følg rettleiinga og last opp eventuelle vedlegg. Du vil få automatisk påminning 60 dagar før rapporteringsfrist.
  • Det skal førast rekneskap for prosjektet. Rekneskapen skal være satt opp på same måte som budsjettet i søknaden, slik at dei kan samanliknast.
  • Gjer greie for i kva grad resultatmåla er nådd.
  • Sluttrekneskap skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen (for tilskot over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor).
  • Rapporten (oppmoding om sluttutbetaling) må vere levert innan fristen oppgitt i tildelingsbrevet.

Snarvegar

Kontakt