Tilskot til kultur

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).

Våre tilskot skal bidra til å gi et mangfaldig tilbod innan kultur, folkehelse, idrett, friluftsliv og frivilligheit til innbyggarane i Møre og Romsdal.

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune forvaltar mange tilskotsordningar og behandlar om lag 1200 søknadar i løpet av eit år. I behandlinga av dei fylkeskommunale ordningane brukar vi søknadsportalen Regionalforvaltning (lenke opnast i ny fane). I tillegg til anna nyttig informasjon har vi òg samla aktuelle rettleiarar til denne portalen til deg som skal søke tilskot frå oss.

Støtte til vikingpark frå kulturbyggordninga

Vil du sjå nokon av tiltaka som har fått kulturtilskot? I filmen under kan du bli med til Hjørungavåg Vikingpark i Hareid kommune som fekk støtte til å bygge eit langhus. Vikingparken skal bli ein viktig arena for å minnast slaget ved Hjørungavåg i 986 og skal etter planen bli ferdig hausten 2022.

Filmen er laga av Nanseth Media (lenke opnast i ny fane).