Frivilligheit

Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar med å auke den frivillige innsatsen i fylket. Vi ønskjer ein sjølvstendig og inkluderande frivillig sektor og for å bidra til dette gir vi ulike tilskot, både til drift og prosjekt. I tillegg tildeler vi òg ekstra bevillingar til andre prosjekt.

Fylkeskommunen er ein nettverksbyggar og kompetansehevar for frivilligheita, og stiller med kurs og møteplassar for dei frivillige. Her kan ein få påfyll, men òg kome med tilbakemeldingar på korleis vi ønskjer å ha det.

Sjå ei oversikt over tilskota våre og finn ut kva du kan søke på (lenke opnast i eigen fane).

Kontakt