Møte om krafttilgang og næringsutvikling i Nordmøre/Romsdal

12/03 2020 10:00 - 13:00
Kristiansund, Quality Hotel Grand
Skriv ut

Informasjons- og dialogmøte om kraftbehova i regionen, og om tiltak for å møte behova.

Manglande krafttilgang på Nordmøre og i Romsdal hemmar næringsutvikling, og som ansvarleg for transmisjonsnettet i Noreg, har Statnett sett at planane overgår dagens nettkapasitet. Dei har derfor starta prosessen med å finne tiltak både på kort, mellomlang og lang sikt.

Dette møtet er ei oppfølging av eit tilsvarande møte i regi av Statnett i Molde i januar 2020. I Kristiansund 12. mars vil vi fokusere på utviklingsplanar og utfordringar i kommunane i regionen. Statnett og dei regionale energiverka vil svare på korleis dei kan løyse utfordringane.

Frist for påmelding: 9. mars 2020. 

Møtet er gratis. 

Program
10.00 Opning v/ fylkesordførar Tove-Lise Torve
10.10 Utviklingsplanar og utfordringar på Nordmøre v/ Ellen Engdahl, dagleg leiar, Nordmøre Regionråd (ORKidé) og André Gjørven, prosjektleiar regionalnett, NEAS Nett
10.50 Utviklingsplanar og utfordringar i Romsdal v/Alf Reistad, dagleg leiar i Romsdal Regionråd (ROR) og Gerhard Eidså, dagleg leiar i Istad Nett
11.30 Pause med noko å bite i
12.00 Planlagde tiltak i transmisjonsnettet, på kort og lengre sikt v/ Grete Westerberg, direktør for Kraftsystemplanlegging, Statnett Håvard Moen, regionalt planansvarleg, Statnett
12.30 Dialog
13.00 Avslutning
Påmeldingsskjema
5 påmeldinger

Kontakt