Klimasamling for kommunane

11/11 2021 12:00 - 12/11 12:00
Ålesund
Skriv ut

Alle kommunane i Møre og Romsdal er invitert til samling for å styrke arbeidet med klimatilpassing og utsleppskutt. Samlinga har to deler: Ein fysisk samling, i Ålesund, lunsj til lunsj, 11. og 12. november 2021 og ein digital del, med fagleg djupdykk gjennom fleire webinar. Samlinga vert arrangert av Miljødirektoratet, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring(DFØ), Statsforvaltaren og fylkeskommunen i Møre og Romsdal.

Praktisk kompetanse

Formålet er å gje tilsette frå ulike fagområde økt, praktisk kompetanse og knytte kontakt med kollegaer i andre kommunar, med tanke på framtidig samarbeid og deling på kompetanse og ressursar. Vi ønsker også å løfte fram viktigheita av at alle deler av kommunen si verksemd deltar aktivt i omstillinga til et lågutsleppssamfunn.

Toppleiarforum

Vi har dialog med KS om å legge denne samlinga "back-to-back" med KS si leiarsamling i fylket. På den måten håper vi å få god oppslutting om klimasamlinga si toppleiarforum, som er eigen sesjon på den fysiske samlinga for ordførar og kommunedirektørar.

Kven bør delta?

Vi oppfordrar kommunane til å vere representert med fleire personar på samlinga, både fordi det er mange i kommunen som er viktig for framdrift i klimaarbeidet og fordi det kan auke sjansane for eit løft i klimaarbeidet etter samlinga. Leiar og fagansvarlege for utsleppskutt, klimatilpassing, miljø og berekraft, innkjøp, næringsutvikling, planlegging, landbruk, bygg- og eigendomsforvaltning er alle viktige i dette arbeidet.

Opphald dekkast av arrangør

Arrangørane dekker opphaldet for begge dagane, mens kommunane må dekke reisa sjølv. Vi tar sikte på å dekke overnattingar for inntil fire personar for kvar kommune frå 11. til 12. november + overnatting frå 10. til 11. november for deltakarar som treng dette pga. lang reiseveg. Samlinga er lagt lunsj til lunsj i håp om at flest mogleg ikkje treng meir enn ei overnatting.

Program og meir informasjon

Foreløpig program for samlinga: https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/arrangementer/2021/november-2021/klimasamling-for-kommunene-i-more-og-romsdal/ Programmet vil bli vidareutvikla og oppdatert. Planlegging av innhald for den digitale delen er foreløpig ikkje starta. Formålet med den digitale delen er å gi deltakarane meir fagspesifikk kompetanse.

Korona

Vi håper og trur at det lar seg gjere å gjennomføre samlinga fysisk. Vi ber dykk derfor planlegge for at det blir ein fysisk samling.

Påmelding

Påmelding opnast før sommarferien, med påmeldingsfrist ca. seks veker før samlinga. Hold av datoane fram til da!

Kontakt