Shared reading - leseleiarkurs

23/09 2020 10:00 - 25/09 17:00
Hotell Molde Fjordstuer
Skriv ut

Prosjektet "Litterære pusterom - Shared reading for større livskvalitet" er godt i gang, og vi inviterer til kurs for å bli leseleiar, denne gong i Molde.

Varigheit: Kurset er på 18 timar, fordelt over tre dagar, kl. 10-17 alle dagar. Berre 12 plassar.

I løpet av kurset vil du mellom anna lære om:

•    kva som kjenneteiknar Shared Reading-metoden, og bakgrunnen for metoden
•    val og førebuing av tekst
•    høgtlesinga; funksjon og teknikkar
•    korleis bli bevisst rolla di som leseleiar
•    korleis kome i gang med grupper
•    om prosjektet "Litterære pusterom - Shared reading for større livskvalitet" og om oppfølging etter kurset
Du kjem til å få oppleve Shared Reading i praksis og gjere øvingar og oppgåver som førebur deg på rolla som leseleiar.
 

Kva er Shared rading?

Shared reading er høgtlesing av litteratur i ei gruppe, etterfulgt av samtale som leia av ein leseleiar. Shared reading er ei litterær, personleg og sosial oppleving. Det handlar om gleda ved å lese, og gleda ved å dele opplevinga av ein tekst i fellesskap.

Les meir om prosjektet "Litterære pusterom - Shared reading for større livskvalitet" og artikkel om Shared reading på Litteraturbloggen til Deichman.

Kven er kurset for?

Kurset er for alle som er glade i litteratur og er opptekne av menneske sin vekst. Kurset er ope for bibliotekarar, litteraturinteresserte helsearbeidarar, og frivillige som har eit ønske om å praktisere.

Vi ønsker å rekruttere kursdeltakarar som vil halde Shared reading lesestunder etter kurset, som sertifiserte leseleiarar. Målet er at det skal bli etablert faste tilbod om Shared reading i alle kommunar i Møre og Romsdal og Trøndelag i løpet av den 3-årige prosjektperioden. 

Du søker om å få delta på kurset ved å melde deg på her. Skriv litt om kvifor, kvar og korleis i kommentarfeltet, så vil vi fordele dei 12 plassane så godt vi kan.

Kostnad

Kurset er gratis.  Ved behov blir overnatting dekt, og billigaste reisemåte.

Det er ei klar målsetting at alle deltakarar skal praktisere som leseleiarar etter kurset. Det vil bli tilbode oppfølging i eit fagleg nettverk etter kurset.

Kurset blir halde av Kari Hortman, prosjektleiar for Litterære pusterom,  og Kirsten Muhle: https://kirstenmuhle.no/ 

Bakgrunn

Metoden blei først utvikla i England av The Reader organisation. Leserne er den norske søsterorganisasjonen til The Reader i England og Læseforeningen i Danmark. Organisasjonen jobbar for å spreie Shared Reading i Noreg, og er ein viktig samarbeidspartnar i prosjektet.

Følg gjerne Leserne Shared Reading Norge på Facebook.

Kurset er del av det treårige prosjektet Litterære pusterom - Shared reading for større livskvalitet

Sparebankstiftelsen SMN har støtta satsinga på Shared reading i Møre og Romsdal og Trøndelag med tre millionar kroner til ei treårig satsing. 

Påmeldingsskjema

Kontakt