Resultat frå folkehelseundersøkinga - webinar 28. april

28/04 2021 12:00 - 14:00
Digitalt
Skriv ut
Folkehelseundersøkinga 2021

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til webinar om resultata frå den store folkehelseundersøkinga.

I perioden 1.–14. februar blei det for første gong gjennomført ei stor folkehelseundersøking i heile Møre og Romsdal. Undersøkinga blei gjennomført i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI), og heile 25 000 personar i alderen 18 år og over, svarte på undersøkinga.

Det blir innlegg frå:

  • Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet
  • Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal
  • Marit Knapstad, forskar ved Folkehelseinstituttet
  • Ingunn Bekken Sjåholm, fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune

Ønskjer du meir informasjon om helsa, velferda, trivselen og livskvaliteten til innbyggjarane i fylket, så sett av datoen.

Resultata frå undersøkinga vil gi oss kunnskap om kva for område som vil trenge ein ekstra innsats, og på kva område det går bra. Dette vil kunne ha stor nytte i arbeidet med å gjere Møre og Romsdal til ein enda betre stad å bu og leve.

Vi kjem tilbake med meir informasjon og detaljert program.

Camillia Stoltenberg

Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet skal halde innlegg under webinaret.