Konferanse for kommunale råd for personar med nedsett funksjonsevne

24/02 2020 11:00 - 25/02 13:00
Waterfront Ålesund
Skriv ut

Fylkesrådet for personar med nedsett funksjonsevne inviterer til konferanse for kommunale råd for personar med nedsett funksjonsevne.

Vel møtt til konferanse og inspirasjonssamling for kommunale råd for personar med nedsett funksjonsevne i Ålesund 24. og 25 februar! Samlinga vil verte frå lunsj til lunsj på Waterfront i Ålesund.

Målgruppe: Medlemmer i kommunale råd for personar med nedsett funksjonsevne, sekretærar for råda, ordførarar, politikarar og andre som er involvert i rådsarbeidet.

De har tidlegare fått ein e-post frå meg om spørsmål om når de skulle konstituere råd i dykkar kommune, og tilbakemeldingane frå dykk viser at råda er på plass til desse datoane.

Vi set påmeldingsfristen til 14.februar. Etter 26.januar, er det avgrensa med hotellrom. Fylkeskommunen held av fem ekstra rom fram til 7.februar. Ta kontakt med anna.lianes@mrfylke.no, eller 992 98 395 for å høyre om overnatting, så prøver vi å finne ei løysing.

Prisane for konferansen står i påmeldingsskjemaet. Alle må betale for seg sjølve på hotellet, det vert ikkje sendt faktura frå hotellet eller fylkeskommunen i etterkant.

Det detaljerte programmet finn de nedanfor. Bufdir (Barne, ungdoms- og famliedirektoraktet) vil mellom anna kome og snakke om den nye rettleiaren for rådsarbeid, Norske konsertarrangørar vil snakke om tilgjenge på kulturarenaar og korleis råda kan påverke dette gjennom sitt arbeid, og Møre og Romsdal idrettskrets vil snakke om erfaringar med paraidrettskurs, Pårørandekoordinator i Ålesund kommune vil snakke om arbeidet i Ålesund kommune, og Helseplattformen vil orientere. I tillegg er samlinga tenkt som erfaringsutveksling mellom kommunar, og gamle og nye rådsmedlemmer.

Vi vonar at så mange som mogleg har lyst til å vere med desse to dagane! Middagen på kvelden er open for alle dersom ein ynskjer, sjølv om ein ikkje overnattar på hotellet.

 Berre ta kontakt om de har spørsmål.

Påmeldingsfristen er ute, men ønsker du å delta, ta kontakt med Anna Lianes.

Program 24. februar

DAG 1:

Programleiarar: Siv Katrin Ulla (leiar i fylkesrådet) og Leif Elde (nestleiar i fylkesrådet)

12:00 -13:00 Lunsj
13:00 -13:15 Opning av konferansen, v/Leiar i kultur-, nærings,- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter
13:15 -14:00 Konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne og regjeringa sin strategi for likestilling av personar med nedsett funksjonsevne,, Anna Bjørshol og Kristine Vierli – Bufdir (Barne, ungdoms, og familiedirektoratet)
14:00 -14:30 Pause
14:30 -15:30 Rettleiing i å drive kommunalt råd med gruppearbeid, v/Anders Eriksen, Bufdir
15:30 -16:00 Pause
16:00 -16:30 Erfaringar frå kurs i tilrettelegging for paraidrett, v/Ellen Cathrine Hammer og Siri Ask Fredriksen, Møre og Romsdal idrettskrets
16:30 -17:00 Tilgjengelighet på kulturarrangement v/Berit Vordal, Norske konsertarrangørar
17:00 -17:20 Frivilligplan for Møre og Romsdal – orientering om arbeidet så langt, v/Anna Lianes, Møre og Romsdal fylkeskommune
17:20 Program slutt for dagen
19:00 Middag
Program 25. februar

DAG 2:
Programleiarar Siv Katrin Ulla og Leif Elde

09:00 -10:00 «Og så var det pårørende da..». Om arbeidet med pårørande i Ålesund kommune, kommunen sin pårørandestrategi, pårøranderettleiaren og om det å vere pårørande, også som barn- v/Merete Brungot Kløvning, pårørandekordinator i Ålesund kommune
10:00 - 10:30 Pause
10:30 -11:30 Kva er helseplattformen, og korleis vil den påverke meg som pasient og innbyggjar? Helseplattformen er anskaffelsen og innføringen av ny, felles pasientjournal ved sykehus, kommuner, fastleger og private spesialister i Midt-Norge. Etter dagens planer skal Helseplattformen settes i drift i Møre og Romsdal i løpet av høsten 2022. v/ Therese Hoel: Regional innføringsleder Nordre Sunnmøre, Tommy Dahl: Regional innføringsleder Søre Sunnmøre, Sjur Brande: Brukerrepresentant i Brukerpanelet og May-Liss Rognskog: Faggruppemedlem og fagekspert.
11:30 -11:45 Avslutning
11:45 Lunsj

Kontakt