IBBYS haustturné 2019 – bøker for barn og unge

5/11 2019 10:10 - 15:30
Molde, rom 101 på fylkeshuset
Skriv ut

Stad: Molde, rom 101 på fylkeshuset, ikkje på St. Carolus. Rom 101 ligg innanfor resepsjonen. Parkering ved Aker stadion. Parkeringsløyve hentar ein i resepsjonen på Fylkeshuset frå kl. 7.45.

Ibby presenterer nye bøker for barn og unge tysdag 5. november

Haustkursa er IBBY Norge sin viktigaste aktivitet og inneheld oversiktsforedrag om årets barne- og ungdomsbøker. Desse foredraga gir truleg den mest komplette oversikta over kva som er utgitt for barn og unge kvart år.

Vi håpar at så mange som mogleg kan vere med heile kursdagen i Molde. Fordi dette kan hende ikkje er like lett for alle, prøver vi i år med to alternativ til heil dag; deltaking anten før eller etter lunsj. Sjå påmeldingsalternativa med prisar. Dersom du vel heil dag ber vi deg skrive ev. matallergi i merknadsfeltet.

Velkomen!

Foredragsholdere

Ragnhild Malfang

Ragnhild har tidligere jobba som skolebibliotekar, barne- og ungdomsbibliotekar og er no biblioteksjef i Sørum kommune. Ho har lese sidan ho klarte å få bøker ut av bokhylla, og er veldig entusiastisk både når det gjeld litteratur og formidling. Ho er bidragsytar i boka «Les meg – håndbok i litteraturformidling». (Foto: Siri Ann Gabrielsen)

 

Stina Langlo Ørdal

Stina er illustratør og biletbokforfattar, og bur med mann og to barn i Asker. Ho illustrerer frå kontorplassen sin i sentrum av Oslo. Utdanning som illustratør har ho frå Kingston University UK. Stina jobbar med illustrasjon for ulike målgrupper, men har mest erfaring med illustrasjon for barn i form av biletbøker, illustrerte bøker og undervisningsbøker. Ho skriv og illustrerer også eigne biletbøker og gav ut si første bok, «Prinsesse Aasta», på Bloomsbury childrensbooks i England i 1999. Siste boka hennar, «Dagen utanfor», kom i 2017 på Skald forlag. (Foto: Bjørn Tumyr)

Program
9:30 - 10:10 Registering og kaffi/te/frukt
10:10 Velkomen
10:15 - 11:15 Biletbøker ved Stina Langlo Ørdal
11:15 - 11:30 Pause
11:30 - 12:30 Barnebøker ved Ragnhild Malfang
12:30 - 13:15 Enkel lunsj
13:15 - 14:15 Fagbøker ved Ragnhild Malfang
14:15 -14:30 Pause
14:30 - 15:30 Ungdomsbøker ved Ragnhild Malfang

Kontakt