Søknad om løyve til graving og framføring

For å få hjelp med søknaden, sjå Statens vegvesen sine rutinar for graving og legging av leidningar over, under og langs offentlig veg nederst på sida.  Her kjem det også fram kva dokumentasjon du skal legge ved søknaden. Rutinane gjeld også for fylkesveg.

  • Søknad om løyve skal skje i søknadsskjema nederst på denne sida innan rimeleg tid før planlagt oppstartdato.
  • I søknad om løyve skal det kome fram kva planar som ligg føre, med nødvendige kart og skildringar av det planlagde arbeidet. Søknaden skal vidare innehalde namn på leidningseigar, kontaktperson hos leidningseigar samt namnet på eventuell utførande entreprenør.
  • Leidningseigar skal oppgi namn på ein kontaktperson som også kan bli kontakta utanfor normal arbeidstid.
  • Søknaden sendast til post@mrfylke.no
  • Ved leidningsbrot kor det er behov for rask utbetring, er det tilstrekkeleg at Vegtrafikksentralen (telefon 175) blir varsla munnleg.
  • Søknaden skal så snart som mogleg bli gjort skriftleg.
  • Krav til arbeidsvarsling gjeld. Om den utførande ikkje har generell arbeidsvarslingsplan skal arbeidsvarslingsplan bli utarbeidd og sendt Statens vegvesen (arbeidsvarslingmr@vegvesen.no) første kvardag etter at arbeidet er starta.

 

Snarvegar

Dokumenter