Søknadsskjema

Søknad om avkøyrsler
Planlegg du å opparbeide, endre eller utvide eksisterande avkøyrsle, må du søke om løyve til det. Søknadar om avkøyrsler til fylkesveg i Møre og Romsdal blir behandla av fylkeskommunen. Du søker gjennom felles søknadsportal på Statens vegvesen sine nettsider. 
Søknadsskjema og informasjon finn du her
Dispensasjon frå byggegrenser
Skal du sette opp eit byggverk langs vegen? Då må du søke om løyve til det. Søknaden blir behandla av fylkeskommunen. Du søker gjennom felles søknadsportal på Statens vegvesen sine nettsider. 
Søknadskjema og informasjon finn du her
Søke om løyve til graving og framføring

Du må søkje om graving og framføringsløyve for arbeid som inneber graving, legging, flytting, reparasjon og fjerning av kablar og leidningar over, under og langs fylkesveg.

Søkandsskjema og informasjon finn du her

Søknad om reklame langs vegen
Du må søke om løyve frå fylkeskommunen for å sette opp reklame langs fylkesveg. 
Utan løyve er det heller ikkje lov å sette opp reklame eller andre innretningar på for eksempel vegbanen, vegskråningar, grøfter, fortau, gang- og sykkelvegar. Søknaden sender du til post@mrfylke.no
Søknadskjema om reklame langs vegen
Søknad om arbeidsvarsling 
Statens vegvesen behandlar alle søknader om arbeidsvarsling på riks- eller fylkesveg. For å søke om arbeidsvarsling må du bruke malen for søknad. Søknaden sender du til: arbeidsvarslingmr@vegvesen.no.
Meir informasjon og mal for søknad finn du her
Dispensasjon for spesialtransport
Skal du søke dispensasjon for spesialtransport, må du sende den elektronisk via VegSak. Tenesta VegSak krev brukarnamn og passord. Gå inn på VegSak - registrer ny bruker. Når du har fyllt ut og fått tilsendt e-post med påloggingsinformasjon, kan du ta i bruk VegSak. Hugs at du må sende søknaden seinast tre virkedagar før transporten startar. 

Her finn du registreringsskjema for nye brukarar av VegSak
Her søker du om dispensasjon i VegSak

Søknad som å arrangere sykkelritt
For å arrangere sykkelritt på veg må du som arrangør av sykkelrittet få løyve frå Statens vegvesen. Arrangørar av sykkelritt på veg skal sende søknad til Statens vegvesen med kopi til berørte politidistrikt seinast fire månader før konkurransen. 
Du finn meir informasjon hos Statens vegvesen
Søk om serviceskilt og skilt til verksemder
Ønsker du serviceskilt eller skilt til verksemda di frå ein fylkesveg må du søke om det.
Søknadsskjema og informasjon finn du her