Folkehelse

Hos oss kan du få rettleiing, søke om støtte og delta i partnarskap om folkehelse.

Sidan 2003 har Møre og Romsdal fylkeskommune inngått partnarskap med alle kommunane i fylket for å utvikle eit langsiktig folkehelsearbeid. Kommunane forpliktar seg til å ha tilsett folkehelsekoordinator i minimum 50 prosent stilling og arbeide med folkehelse i heile kommuneorganisasjonen. 

 Satsingsområda er til God helse er:

  • Ernæring
  • Fysisk aktivitet
  • Psykisk helse
  • Rusførebygging,
  • Tobakksførebygging
  • Førebygging av sosiale skilnader i helse

Vår oppgåve er å legge til rette for og stimulere til fysisk aktivitet.

Hos oss kan du få:

  • Hjelp til å søke om spelemidlar til idrettsanlegg og friluftsliv. Her kan du søke
  • Kurs og fordrag om fysisk aktivitet
  • Rådgiving om uteområder for skular, barnehagar, idretts og friluftslivsanlegg
  • Rådgiving om oppstart og drift av Aktiv på dagtid og andre lågterskeltilbod
  • Økonomisk støtte til tiltak innan fysisk aktivitet og friluftsliv

Snarvegar